fredag 27. september 2013

Votter

No har eg strikka barnehagevotter til dei tre minste jentebarnebarna,mønsteret fann eg hos http://hekle-strikke.blogspot.no/2012/11/oppsrift-barnehagevotter.html. Har ikkje lært meg og lage direkte link på paden enno men lærer det kanskje ein dag...broderiet har eg herma etter http://meretesmonstermonster.blogspot.no/. Har brukt dobbel 2 tråds garn frå nøstebarn.Kjekke og raske å strikke men litt putlearbeid med broderiet, eg er ikkje så vant til å brodere....Vi har eit nydelig haustvær i dag, sola skin og det er vindstille så det må nytast!! Fin fredag til deke:))



torsdag 19. september 2013

Sokker


Sokker strikka i Silja frå Gjesdal og mønster frå Gjesdal. Kjekke sokker å strikke, vert nok fleire slike par:))berre eit kjapt innlegg for no skal eg snart på jobb.






onsdag 18. september 2013

Mariusgenser





Ein liten Mariusgenser til ei lita jente som er født i mai. Synest det er kjekt å få strikkeønsker! Strevde litt med størrelsen men no trur eg den blei riktig, den er iallfall sendt avgårde i posten.... Så da håper eg at den passer, viss ikkje må " gamletante" strikke ein ny:)) Her er det regnete og grått ute, skikkelig haust og fint strikkevær! Ha ein finfin dag:)

lørdag 14. september 2013

Mariussokker

Har strikka mariussokker i ulike størrelser og farger. Ikkje ofte eg lager innlegg her men pinnene går fortsatt:) Får liksom ikkje " til" å legge inn ting her på bloggen, men her kjem iallfall sokkene  eg har strikka no! Ønsker deke ei fortsatt God Helg:))