søndag 21. februar 2010

Lue og sokker

Har strikka lue til vesleguten, eit kjapt og greit prosjekt. Strikka i dobbelt gullgarn og mønsteret fann eg her hos Ingrids strikkeri. Synest lua passa han fint og han begynte å bruke den med ein gang.
Så har eg strikka labber til veslejenta, heilt vanlige labber strikka i Regia softy. Hadde ikkje prøvt det garnet før, labbane blei mjuke og gode og ho likte dei! Har hatt litt problem med at ho helst ikkje vil ha tjukke labber på men desse håper eg ho vil bruke.
Og no er atter ei helg over og ei ny veke står for døra, ute er det fortsatt vinter med kuldegrader og snø! Det er ein heilt utruleg vinter vi har hatt i år, men eg synest det har vore flott:)) Ynskjer deke ei finfin veke!!

mandag 15. februar 2010

Selbuvotter

Hei igjen. Fekk boka om Selbuvotten av Terri Shea til jul og der var det mange flotte mønster. Så då var eg jo programforplikta til å strikke selbuvotter, desse er strikka i Finull frå Rauma og er i herrestørrelse. Synest sjølv at dei vart ganske fine.
Og så over til ein av gjengangerene her i bloggen min nemlig russesokken.... To av para skal sendast til ei dame i det høge nord, det tredje(brune) paret har eg strikka ekstra lang legg på etter ønske frå mottakar.
Har hatt fri etter arbeidshelg i dag så da har eg fått gjort ferdig litt sånn småtteri. Takk til alle som har lagt inn kommentarer og god veke til alle der ute:))

søndag 7. februar 2010

Strikkebukse

Hei. Ja no er eg ferdig med buksa til veslegutt den som passer til genseren og lua som han fekk til bursdagen sin. Eit greit arbeid men litt "putlete" med alle dei stripene, vart jo litt tråder å feste:) Men eg vart fornøyd med resultatet så da er det jo greit. Spørs om eg ikkje må strikke labber til, det er fortsatt garn igjen...Og eg må snart ha meg ein tur å få overlevert den, må jo få brukt den mens vinteren enno er her. I dag har vi eit strålande vær, stille og solskinn så da er det berre å kle på seg å komme seg ut i finværet! Ha ein fin søndag:)

fredag 5. februar 2010

Pulsvarmere

Her er eit par til av samme sort pulsvarmere som i tidlegre innlegg , også desse strikka i Mirasol frå Du Store Alpakka. Dama som skulle ha dei forrige ville ha eit par i svart og, så då var det berre å la pinnane gå. Mønsteret viser ikkje så godt på dette bilde men dei er heilt like dei lilla som er lenger nede på sida.
Så slenger eg med to par med russesokker igjen, eit par til dame og eit par til herre det er mange som vil ha slike. Og no er det helg igjen , utruleg kor fort tida går! Eg har fri denne helga og det skal verta godt, masse tid til å gjere slikt som eg har lyst til, kansje litt strikking :)) GOD HELG til alle!