onsdag 31. oktober 2012

Tova votter

Ja no er det julemessestrikking, her er ein bukett av dei vanlige vottane mine. Dei er strikka i finull, eit garn eg synest er heilt supert til toving! Mønsteret er berre i mitt eige hovud, pynten er filta på med canto garn før toving. Det er fortsatt tre veker til messa så det er berre å la pinnane gå, skal jo strikke litt julegaver innimellom. Ha ein fin og god dag:))

lørdag 13. oktober 2012

Lue og hals.

Her kjem eit lite sett eg har strikka i garn frå dsa. Halsen er strikka i sterk og lua i mirasol, mønsteret på lua fann eg på denne bloggen. Har planer om å strikke fleire av denne typen for dei var kjekk å strikke og eg blei fornøyd med resultatet. Eg synest DSA har flott garn, mjukt, varmt og godt !! Vergudane har vist  seg frå si beste side her på Vestlandet dei siste dagane og det liker vi:))  Ønsker alle som titter innom ei fortsatt finfin helg:=))