torsdag 31. desember 2009

Godt Nyttår

Hei,hei!! Ja no er vi komen til årets aller siste dag og eg vil avslutte årets blogging med eit bilde av vottane som eg har strikka så mange av. Dette er ei bestilling eg fekk no i romjula og på bilde under er det pulsvarmere som er hekla i alpakka etter mønster frå Du Store Alpakka.
Så er tida komen til å takke for eit kjekt år i bloggverden, takker for koselige kommentarer og helsinger i bloggen min. Det har vore kjekt å verta "kjent" med så mange koselige folk!! Så ynskjer eg ALLE ei fin nyttårsfeiring og eit Godt Nyttår:))

søndag 27. desember 2009

Ol genser

Hallo. Her kjem bilde av storprosjektet eg laga til jul. Strikka ol genser i str xl og det var mange masker! Den er strikka i Falk frå sandnes garn på pinne nr 3,5, og når eg starta på den så seint som 3 veker før jul så blei det litt stress... Men den vart no ferdig og gitt i julegave og den passa heilt fint!!
No er juleferien min over , skal vera på jobb i morgon tidleg kl 6.45 huff .... Og ute snør det som berre det, så eg er spent på korleis føret vert. Men det er berre å starte tidleg så kjem eg nok fram i tide:)) Ha ei fin veke alle sammen!

lørdag 26. desember 2009

Gråtass tunika

Hei og fortsatt God Jul til alle sammen!! Her er bilde av gråtass tunikaen eg strikka til veslejenta (barnebarn) som ho har fått til Jul saman med tilbehør. Den er strikka i daletta på pinne 3,5 og den passa henne fint. Ho for nett sprettande ut døra med tunikaen på og skulle i Julebesøk.
Og her er julegaven min som eg fekk frå den hemmelige julevennen min, twist, baby ull og mønster på fine små engler. Flott gave så Tusen Takk kem du no er:)) Her hos oss har vi hatt kvit jul og det er lenge sidan sist, og no snør det ute igjen! Men har hørt rykte om at det skal gå over i regn:(( Ha ein flott dag:)

onsdag 23. desember 2009

GOD JUL

Vil få ynskja alle koselige og gode bloggvenner ei riktig God Jul, mange Juleklemmer frå meg:))

torsdag 10. desember 2009

Tova tøfler

God kveld!! Har strikka og tova to par tøfler , og eit par votter. Tøflane er strikka i fritidsgarn og vottane i finull. Fekk bestilling på dei for ei lita stund sidan og no er dei ferdige, og godt er det for eg har litt forskjellig anna som skal gjerast ferdig:))
Dette blir berre eit innlegg i full fart, for no er det kveld og eg må komma meg til sengs. God natt til alle saman:))

mandag 7. desember 2009

Tova julepynt

Hei. Her er litt av helgas produksjon, berre sånn kosestrikk, tova hjerter og kuler strikka i ullteppegarn frå Gjesdal. Mønsteret er henta frå Familiens julehefte Juleideer 2009. Dei er strikka i dobbelt garn ein tråd rosa og ein raud, brukte eit nøste av kvar.
 Meiniga er at eg skal hengja dei i vindauga men er ikkje komen så langt enno, kansje dei vert gitt vekk, har ikkje bestemt meg for det. Eg held elles på med eit storprosjekt som eg tviler på om eg får ferdig til jul, men  det kjem no tider etter jul og...... Eg må no alltid ha litt småstrikk innimellom når eg strikker store plagg:) Fortsatt god advent til deke:))

onsdag 2. desember 2009

Uglelue og hals

Hei! Eg har strikka eit sett  med lue og hals med uglemønster, fann oppskrifta til halsen inne på Elisabeths verden  der det og var  link til lue . Har strikka settet i Drops sin Merino extra fine på pinne nr 4.
Har plan om å strikke votter til det men det har no ikkje vorte enno.
Her er eit bilde av mesteparten av det som var med på Julemessa på laurdag. Messa gjekk over all forventning, fekk selt ganske mykje men har jo sjølvsagt att ein god del og!! Ja no lakker det og lir med raske skritt fram mot Jul, tida går så altfor altfor fort så no gjeld det å skynde seg med juleforberedelsene:)) Og eg som nesten ikkje har begynt med julegavene....  Men men Jula den kjem no åkke som og eg pleier no alltid å bli ferdig i tide!! Ha ei fin adventstid alle sammen:))

onsdag 25. november 2009

Englekor

Hei igjen. Ja no er englane samla, det vart jo nesten eit lite englekor! Har  fått gjort ferdig dei to eg snakka om i går som eg har brukt samme mønster som sist. Nemlig mønster frå Olavas verden. Kronene mangler fortsatt men trur dei kjem til helga.
Så er her to engler som er strikka etter eit mønster frå Familien 2004, men trur eg har sett samme mønsteret i eit av årets julehefter.
Så til slutt eit par tova tøfler som eg fann mønster på hos ullkurven.
Det er ein flott blogg som eg anbefaler å ta ein tur innom! Tøflane er strikka i Fritidsgarn på pinne nr 6, og tova i maskina. Ute er det eit forrykande vær med masssse regn vind og torden!! Ha ein fortsatt fin kveld:))

tirsdag 24. november 2009

Tova engler


Hei! Har strikka og tova engler som eg fann mønster på i bloggen Olavas verden, ho er så snill at ho deler mønster med oss! Mønsteret finn du her.
Eg har strikka i ulikt garn, den eine er strikka i Viking naturgarn og den andre i dobbel finull frå Rauma. Skikkelig artig å strikke og pynte dei, prinsesse kronene mangler men dei kjem! Har strikka to til men har ikkje fått pynta dei enno, men dei er nok ferdig om ein dag eller to! Så vil eg få takke Olavas verden for mønsteret og anbefaler ein tur inn på bloggen hennar for der er mykje fint!!
Så er det enno eit par tova votter, gir meg ikkje med dei eg. Desse har eg gjort ein vri med pyntinga på , her har eg hekla små rundinger som eg har sydd på etter toving. To rundinger oppå votten og ein på undersida av tommelen.
Du og du kor eg  " putler" på med denne strikkinga, men det er jo så kjekt!! God natt til deke og ei fortsatt god veke:=))

fredag 20. november 2009

Tova tøfler

Hei! Har strikka og tova eit par små tøfler, har brukt dobbelt ullteppegarn frå Gjesdal på pinne nr5. Mønsteret er frå fjorårets Julehefte frå sandnesgarn. Dei skulle egentlig strikkast i Fritidsgarn så dei vart veldig små i forhold til størrelsen eg strikka.Det var eit kjekt strikketøy så det vert nok fleire slike par, fargen på bilde vart litt feil. Her ser dei raude ut men dei er knall rosa i virkeligheten!
Så eit par vanlige tjukkesokker i restegarn som eg hadde liggjande, godt å få brukt opp litt av det ligg! Elles så går det i jobb og strikking, det har vore eit fæla ruskevær her, masse regn men no har det vore opplett ei lita stund. Så får håpe helga vert litt bedre, ha ei god helg:))

tirsdag 17. november 2009

Akaya lue og votter

Har strikka eit sett beståande av Akaya lue og votter, frå barnetv sin serie Jul i Svingen, mønsteret til lua fann eg her, vottane har eg strikka etter eit anna gammalt mønster og berre laga dei same stripene. Har laga to luer for den første vart så liten men når eg gjekk opp 0,5 i pinnestr. vart den meir passe. Enno er det masse garn igjen så eg skal kjøpa eit nøste med rødt så har eg nok til ei lue til! Fargane er nok ikkje heilt rette på bilde .Lua skulle strikkast i Karisma men den lokale garnbutikken fører ikkje den sorten, så derfor har eg brukt Falk frå Dalegarn og  pinne nr3,5. Elles så har eg fortsatt store problemer med internett, dett ut heile tida...... veldig kjedelig!!!! Takker for hyggelige kommentarer og ha ein fin dag:))

søndag 15. november 2009

Diverse småtterier

Deilig med frihelg men den går no berre så altfor fort, men istaden for å klage må ein  berre nyte den tida ein har!  Eg har prøvt å få brukt opp litt restegarn så eg har strikka nokre barnevotter. Hadde så mykje slikt tynnt garn som kan tovast og har fortsatt masse igjen:)
Så blei det eit par små labber av ein rest Fabel, og dei vart no litt søte.
Desse vottane treng eg vel ikkje sei noko om, det har jo blitt nokre slike par etter kvart. Og fleire er på gang.Vi har ganske ustabilt vær i dag , overskya regnbyger og bittelitt sol.Må no prøve å få meg ein trimtur i løpet av dagen.... Håper alle har ein fin søndag:))

fredag 13. november 2009

Lue og julekurver

Hei. No er eg endelig på nett igjen, har vore uten internett heile veka men no er det heldigvis ordna. Er ferdig med ei lue til, denne gangen til meg sjølv. Fekk to nøster med garn som min datter hadde kjøpt til meg når dei var på ferie i danmark og dei har eg brukt no!
Så har eg hekla to julekurver, dei er hekla i Viking naturgarn og glittertråd på nål nr 6. Glittertråden kjem ikkje fram på bilde men det glittrer fint i dei her dei står.No skal eg kosa meg med ein liten bloggrunde og sjå på alt det fine som de har laga! Ha ei god helg:))

søndag 8. november 2009

Luer

Hei, hei. Ja no er helga over for denne gang, utruleg kor fort to fridager går!! Har no fått gjort litt forskjellig i helga,har vore i 4 års dag til veslejenta og det var jo veldig koselig! Så har eg no strikka litt og, her er to luer eg har laga, dei er strikka i Alfa på pinne nr 6. Mønsteret er frå Allers nr 1 2009, var veldig kjekk og raske å strikke. Desse er i to ulike barnestr. og no heldt eg på med ei i damestr. Den vert sikkert til ho mor sjølv, iallefall det som er meininga så får vi sjå kor den passer:)Nei no er det vel på tide å ta kveld for det er arbeidsdag i morgon. God veke til alle:))

lørdag 7. november 2009

Premie

Har fått pakke i posten nemlig premien min fra BODIL! Ei flott kurv med masse fint i, der var alt fra garn og pinner, servietter , lys,grytekluter, og godsaker m.m. Det var ein super premie så Tusen Takk snille Bodil:))

torsdag 5. november 2009

Russesokker igjen....

Hei, hei. Ja her produseres det labber for harde livet,ja det er nesten sånn at eg ikkje har tid til å gå på jobb:) Har laga eit par på bestilling og resten med tanke på julemessa, så spørs det om det vert noko salg der..  Viss ikkje vert det gaver i øst og vest, viss eg ikkje lager meg ein salgsblogg. Har no tenkt litt på det men det har foreløpig blitt berre med tanken hm.
Har strikka eit par med åttebladroser, har som regel strikka den andre varianten men no var det kjekt med litt forandring. No gjenstår det berre å gje dei ein vask så dei vert litt jevnare og finare i strikket. Ute skin sola og det er eit nydelig vær, skulle nok ha vore ute i formiddag i staden for å strikke men ,men. Dagens plikter kaller og eg må gjere meg klar til å gå på arbeid, er nok ingen vei utenom nei:)) Takker for koselige kommentarer og ynskjer alle ei strålandes fin helg!

tirsdag 3. november 2009

Fjellnisser

Har strikka nokre Fjellnisser, dei er strikka i Tove garnet på pinne nr 3,5 og tova i maskina. Dei har lagt på vent ei stund ,så i dag har eg hatt litt nisseverkstad. Dei var enkle og greie å strikka men monteringa tar alltid litt tid. Men det er no litt kjekt arbeid det og når ein berre kjem igang.
Dei er no litt søte der dei står og venter på Jula men no er dei stua vekk i ein mørk krok, der får dei no bli ei stund.  Eg synest det er kjekt å laga litt nisser og sånnt no når jula nærmar seg, kansje dei vert julegaver, kem veit...Eller kansje dei får vera med på julemessa desse og. No er det ganske tydelig at vi er komen i den mørke årstida, det er mørkt når ein går på jobb og mørkt rett etter at ein er komen heim! Ikkje så verst vær i dag heldigvis så det går no an å gå ut ein tur. Ynskjer deke ein fortsatt god kveld:))

mandag 2. november 2009

Pulsvarmere

Hallo igjen, har strikka pulsvarmere og eit par små labber. Pulsvarmerene er strikka på bestilling og er laga i tynn alpakka frå du store alpakka. Mønsteret er henta frå boka Strikk tilbehør av Gro Sandvik , har laga mange slike par nokre har eg gitt i gaver og andre har eg solgt. Liker dei ganske godt sjølv.
Så eit par små barnelabber strikka i fabel, det er så kjekt å strikke slike småting. Kjapt ferdig veit du og det er meg:))
Elles er det ikkje så stor aktivitet på bloggen min for tida, eg held på med mange ting på ein gang og då vert det ikkje så mykje ferdig! Har ein del småting under arbeid som eg skal ha med på julemessa.I dag nyt eg fridagen min , har jo hatt arbeidshelg denne helga og då er det godt med eit pusterom på mandagen.Så vil eg ynskja alle ei god veke:))

lørdag 24. oktober 2009

Glassbrikker

Hallo! Har hekla glassbrikker eller koppebrikker passer vel heller å sei her. Har hekla dei etter mønster eg fann inne hos Du store alpakka, har hekla dei i mandarin på nål nr 4.  Det var eit anna garn som skulle brukast men "man tager hva man haver" og det var dette garnet.
Det er greit å ha slike brikker til å ha under kopper og glass når ein ikkje er så flink til å bruke duk! Så fekk eg no vist fram koppane mine og, dei kjøpte eg ein gang eg var på Røros. Kjøpte berre 4 kopper den gangen, trudde jo då at eg skulle få tak i fat til dei seinare. Men slik vart det no ikkje, liker veldig godt desse her koppane. Trur eg har litt "dilla" på keramikkopper, he he:)No er det frihelg og det er deilig , eg koser meg med å sitje lenge oppe og putle med handarbeid. Ute har det begynt å regne så no er vel finværet over for denne gangen. Ha ei flott helg folkens:))

onsdag 21. oktober 2009

Litt småstrikk

Hei igjen! No har eg strikka litt forskjellige småting, har ein del under arbeid men ikkje så mykje som er ferdig. Her er labber som eg har laga til settet i forrige innlegg.Veslegutt har fått drakta si og den passa heilt fint!
Så har eg laga eit nytt par med tova votter, strikka i finull og filta pynt med canto.
Og så til slutt eit par små russesokker, desse er strikka på bestilling til ei lita jente.Elles koser vi oss i finvær her i vest, litt kaldt men elles fint. Ha ein flott kveld:))

tirsdag 13. oktober 2009

Strikkesett

Ja no er eg ferdig med eit sett eg har holdt på med ei stund, det er til veslegutten vår som snart er 9 mnd. no. Tida går så utruleg fort synest ikkje det er lenge sidan eg holdt på å lage hentesett til han! Settet er strikka i Lanett, jakken med dobbel tråd og resten med enkel. Har ikkje fått tak i knapper enno, skal ha avlange treknapper men det hadde dei ikkje på strikkebutikken her. Eg har ikkje fått prøvd det på han enno og eg er redd det kansje er litt stort men han veks no så fort så han kan nok bruke det:)
I mangel på at eigaren kunne stå modell så måtte Bamsefar trø til, han vart no ganske søt han og! Ser jo no at eg må strikke labber og så settet vert komplett! Det vart litt ulik farge på bildene men det er nok det nederste som har mest riktig farge.  Elles så har vi nydelig vær her på vestlandet i dag, har faktisk vore fint nokre dager no. Og i dag har eg fri så no må eg snart komme meg ut ein tur og nyte finværet!! Ha ein flott dag alle sammen:))

torsdag 8. oktober 2009

Pulsvarmere

Har strikka pulsvarmere i garnet Sterk frå du store alpakka, på pinne 3,5. Mønsteret er frå heftet Strikk og bruk også frå du store alpakka.
Desse var artige å strikke og ikkje minst så gjekk det veldig fort! Dei skulle egentlig vore pynta med knapper men i mangel på det så har eg hekla blomster!
Sterk garnet har eg ikkje prøvd før men det var godt å strikke med og kjennes mjukt og behagelig ut. Vert nok strikka fleire slike par, har no iallefall eit nøste til på lur. Her er været fortsatt stabilt drittvær, ha ei fortsatt god veke:))

mandag 5. oktober 2009

Tøfler


Hei, no har eg strikka og tova  eit par tøfler, dei er strikka i fritidsgarn på pinne nr 5, mønsteret er henta frå hjemmet nr 48 i 2004. Det er ikkje første gangen eg strikker desse og heilt sikkert ikkje siste.
Dei er kjekke og raske å strikke, godt å ha eit slikt kjapt arbeid innimellom! Dei er strikka på bestilling så no fer dei snart ut gjennom døra. Elles har eg no litt forskjellig under arbeid, litt fleire votter og litt strikk til barnebarna vert det no og! Det går no mest i jobbing og handarbeid for tida, ute er det same drittværet som det har vore leeenge no:)) Ynskjer alle som titter innom ei fin veke!!