lørdag 22. oktober 2011

Litt messestrikk



Ja her vart det litt forskjellig strikk til julemessa, alt er selbustrikk og alt er strikka i pt5. Det øverste paret er i dame str. dei raude og dei rosa i str. 6-8år og tøflane er ca str. 37-39. Eg synest det er vanskelig å vete kva som er lurt å strikke til messer og har inntrykk av at det kan variere frå år til år... Nokon som har eit lurt tips for dette årets julemesser?? Men uansett så er vel votter og tøfler små plagg som det alltid er bruk for.. Ute er det fortsatt regn, vert visst aldri tomt:) Med andre ord fint strikkevær, GOD HELG:=))

lørdag 15. oktober 2011

Labber

Hei,hei og god helg til deke alle!! Har strikka to par tjukkelabber som me kaller det, dei er strikka etter eget hode og i viking sportsragg. Det er laga litt ekstra lang legg på dei og dei er i ca str 37-39, det ein paret er allerede bestilt av eldste barnebarnet og det andre vert vel med på julemessa tenker eg. Elles så er det jobbehelg igjen for meg så det vert vel ikkje så mykje strikking resten av helga:))

mandag 10. oktober 2011

Stabburstøfler

Hei. Ja no er vi snart komen midt i oktober og kulden lurer bak hjørnet så då passer det vel bra med tøfler. Her har eg strikka stabburstøfler frå boka Vinterstrikk, ganske fornøyd med resultatet men synest det var mykje arbeid på dei!! Det vil vel gå litt kjappare viss eg strikker eit par til, desse er strikka i herrestr. og dei vart litt store. Har strikka dei i pt5.
Så slenger eg med eit par pulsvarmere i kjent fasong og mønster, har strikka ein del av desse ....og kanskje vert det fleire:)Desse er strikka i mirasol frå dsa.
Håper at det vert ein fin og god dag for alle:))