søndag 30. januar 2011

Julegavealong

For ei tid sidan meldte eg meg på julegavealongen som A´s almanakk har starta og her er mitt bidrag for denne månaden.Har strikka to par tøfler i str 38-39, har brukt pt5 garn og mønster frå Navia. Dei skulle opprinneleg ha vore strikka i navia garn.Har planer om å lage ein del slike som gaver i år, det eine paret forsvinn sikkert ganske snart i ein bursdagsgave.Elles så er det ikkje vore stor aktivitet her på bloggen min i januar, men det betyr ikkje at ikkje pinnane har gått jamt og trutt. Så det vert ikkje så lenge til neste innlegg her hos meg. Ja tenk no er snart Januar over og det går mot lysare tider. I morgon er det bursdagsbesøk for då vert vesleguten vår heile 2 år, utruleg kor fort det går!!Så vil eg få ynskje alle ei riktig så god veke:))

onsdag 12. januar 2011

Premie + tovavotter

Først vil eg få vise fram pulsvarmerene eg var så heldig å vinne hos strikkekurven Tusen Takk. Skulle ha blogga dei for ei god stund sidan men det har ikkje blitt før no. Har ikkje hatt så mykje tid til overs i det siste, synest det går i ett med jobbing og diverse anna... forstår ikkje kor tida vert av??
Så er det fire par av dei velkjente vottane som ofte er i bloggen min. Hadde bestilling på 3 par og når eg først var i gang laga eg like godt fire, kjekt å ha eit par på lur!! Dei er som vanlig strikka i finull og pynten er canto garn som er filta på før toving!! Ynskjer alle ein fin kveld:))

søndag 2. januar 2011

Lue og sjal

Hei, hei, ja no er vi komen til 2011, skal sei tida fyk av gårde. Strikkepinnane er det og liv i ,her er sjal og lue som eg har strikka til gubben i huset. Det er strikka i kashmir alpakka og mønsteret er frå hefte med samme navn. Eg er litt skeptisk på det garnet, var veldig mjukt men synest det var dyrt og så loer det veldig!! Er spent på å sjå korleis det vert etter litt bruk, trur at eg vel eit anna garn til dei oppskriftene ein annan gang. Har hørt at ein kan bruke drops sitt nagano garn i staden for.
Så er det russesokker og tova votter igjen, desse er strikka på bestilling og er levert i dag. Har bestilling på fleire votter så det er berre å la pinnane gå:) Og no er fridagane over for denne gang, det er vel på tide å komme i gjenge igjen.... Vil få ynskje alle ei fin første veke i 2011:))