onsdag 30. oktober 2013

Flaggvotter

Har strikka ein del votter i det siste og her er to par flaggvotter strikka i pt5, liker veldig godt å strikke i det garnet. Det er eit Rauma mønster så eg bruker jo ikkje rett garn, men synest dei vert bra likevel.




mandag 14. oktober 2013

Fårelest


Ja her går det mest i labber for tida,her er eit par med navn fårelest. Det er eit mønster frå Hifa og eg kjøpte det hos den Blå tråd, dette paret er ikkje strikka i orginalgarnet men i Viking sportsragg. Artige å strikke og veldig gode på:)




lørdag 5. oktober 2013

Labber

Har strikka eit par labber eg fann mønster til i eit Familien, skulle strikkast i hifa sitt garn men eg har brukt Silja og mønsterfargane er rester av sisu. Dei er vel ca str 34/35 vart ikkje så store sidan eg brukte tynnere garn enn i mønsteret.




torsdag 3. oktober 2013

Lue og votter


Lue og votter med litt "bling" over:) Mønsteret fann eg hos http://fullavull.wordpress.com/ , kjapt og greit strikketøy. Var så heldig å ha ei som stilte opp som modell for meg, vottane var litt store til ho men elles fint.





fredag 27. september 2013

Votter

No har eg strikka barnehagevotter til dei tre minste jentebarnebarna,mønsteret fann eg hos http://hekle-strikke.blogspot.no/2012/11/oppsrift-barnehagevotter.html. Har ikkje lært meg og lage direkte link på paden enno men lærer det kanskje ein dag...broderiet har eg herma etter http://meretesmonstermonster.blogspot.no/. Har brukt dobbel 2 tråds garn frå nøstebarn.Kjekke og raske å strikke men litt putlearbeid med broderiet, eg er ikkje så vant til å brodere....Vi har eit nydelig haustvær i dag, sola skin og det er vindstille så det må nytast!! Fin fredag til deke:))



torsdag 19. september 2013

Sokker


Sokker strikka i Silja frå Gjesdal og mønster frå Gjesdal. Kjekke sokker å strikke, vert nok fleire slike par:))berre eit kjapt innlegg for no skal eg snart på jobb.






onsdag 18. september 2013

Mariusgenser





Ein liten Mariusgenser til ei lita jente som er født i mai. Synest det er kjekt å få strikkeønsker! Strevde litt med størrelsen men no trur eg den blei riktig, den er iallfall sendt avgårde i posten.... Så da håper eg at den passer, viss ikkje må " gamletante" strikke ein ny:)) Her er det regnete og grått ute, skikkelig haust og fint strikkevær! Ha ein finfin dag:)

lørdag 14. september 2013

Mariussokker

Har strikka mariussokker i ulike størrelser og farger. Ikkje ofte eg lager innlegg her men pinnene går fortsatt:) Får liksom ikkje " til" å legge inn ting her på bloggen, men her kjem iallfall sokkene  eg har strikka no! Ønsker deke ei fortsatt God Helg:))







torsdag 4. juli 2013

Fine fingre



På sommerbesøk hos mormor blir det neglelakk på både fingre og tær , speler ingen rolle om ein er jente eller gutt! Litt pynt på neglene må til:)) Vi kosa oss masse både liten og stor dei dagane "småtrolla" var her! Takk for besøket, håper vi snart får fleire slike dager:)




torsdag 27. juni 2013

Kluter.



Her er klutane eg har strikka etter Bittamis design sine mønster, no venter eg på mønster nr3.Veldig fine og greie mønster, ho kan det den damen!! Håper de alle har ein fin sommer enten det er sol eller regn, her er litt av begge deler.... Ha ein finfin dag:)




søndag 16. juni 2013

Babyteppe

Teppe til den nye verdensborgeren som er venta i sommer. Mønsteret er frå garnstudio og garnet er drops babyalpaca silk. Det var eit kjekt mønster å strikke og teppet blei mjuke og godt.


I dag har vi hatt ein flott sommerdag, litt vind men fint likevel.Håper det heldt seg fint nokre dager....Ynskjer alle ei flott veke:)

torsdag 13. juni 2013

Hentesett


Her kjem hentesettet eg har strikka til det nye barnebarnet som er venta i sommer. Mønsteret er henta frå Myk Start og garnet eg har brukt er Drops sitt Baby Alpaca Silk. Har ikkje strikka noko særleg i dette garnet før men det er iallefall mjukt og godt, holdbarheten veit eg ingenting om....  Lua og sokkene er i samme farge som jakka sjølv om det ikkje ser slik ut her.Ha ei fortsatt fin veke:))

søndag 9. juni 2013

Kjoler



Hei. Her kjem kjoler som eg har hekla/sydd til dei tre minste i familien + kjole til dukkene. Det er berre ein dukkekjole som er med her men ein er gitt vekk allerede og den tredje er ikkje ferdig:) Ser det vart ikkje så fine farger på den gule, den er meir klar gul i virkeligheten.Mønster frå Dale hefte 277 og har brukt stoff og garn som har  lagt ei stund...ganske lenge sånn ca 25 år , så det var på tide å få brukt dei:)) Fortsatt god søndagskveld til deke!!

lørdag 20. april 2013

Jakke og lue


Hei. Ja det er fortsatt liv i damen og her kjem eit lite livstegn frå meg.   Har strikka kort jakke og lue frå Sandnes garn sitt hefte mix barn nr1102, har strikka det i mini duett og str. er 4år. Denne gangen med bilde av ein fornøyd mottaker  (har fått lov til å legge ut bilde) Elles så går dagane som vanlig, med jobbing,trim og strikking osv. Har arbeidshelg no så da vert det ikkje så mykje anna, men det vart tid til eit lite innlegg her. Ynskjer alle ei fortsatt god helg:))

torsdag 7. mars 2013

Gensere


Ferdig med to smågensere til, då har dei 5 minst barnebarna fått gensere. Fire av dei har fått Mariusgensere og siste har fått lik pappen sin genser nemlig Cortina genser. Desse to genserene er strikka i str. 4 år og eg har brukt Falk garnet. Vi er så heldig og har så fint vær, synest vi har hatt mykje fint vær i vinter om enn litt meir snø hadde vore ønskelig:)) Men vi har vel ikkje lov å klage når det er opplett og sola skin! Snart på tide å køye så God Natt:))

onsdag 20. februar 2013

Strikkedukke fra Arne og Carlos




Hei, her er Ulla ei lita strikkedame som har flytta inn hos meg:) Som overskrifta seier så er ho strikka etter mønster frå Arne og Carlos si strikkebok om strikkedukker. Kjekt å strikke, så det vert sikkert fleire. Og den er strikka i berre restegarn...... Kjekt det og!! Ha ein fin kveld, no skal eg på jobb:)

mandag 11. februar 2013

Cortina genser

Her poserer min sønn i nystrikka cortina genser, mønsteret står i dalegarn sitt hefte nr239. Opprinnelig ein OL genser frå 1956, har strikka den i falk. Han blei fornøyd med genseren og no skal eg å kjøpe garn til make genser til dattera hans. Her er eit strålande vintervær så no er det berre å komme seg ut å nyte finværet:))

tirsdag 29. januar 2013

Mariusgensere



Hei. Eg er nok ikkje så flittig med blogging men pinnane går i full fart. Her er gensere til tre av barnebarna,Den lilla er strikka i falk og er str. 10år, den rosa er strikka i Viking superwashog er i str. 4år. Og til sist den blåe som er marius med traktor, den er strikka i Viking superwash og er str. 6år. Så da er det berre å strikke videre må jo lage til dei andre og, kan ikkje gjere forskjell. Ha ein fin dag:))

søndag 13. januar 2013

Fanakofte


Her kjem ei julegave til, det er fanakofte strikka i str xs til eldste barnebarnet på 14 år. Den er strikka i sisu og vart akkurat passe til jenta. Trur den fallt i smak, den sto iallefall på ønskelista. Her har vi eit nydelig vær, kaldt og fint med sol. Ha ei finfin veke:))