lørdag 28. januar 2012

Nøstebarndresser

Her kjem bilde av litt julegaver, nemlig nøstebarndressane som eg strikka til dei tre minste i familien. Gløymde å ta bilede før eg gav dei vekk men så kom alle tre på besøk samtidig og med dressane på. Det ser ut til at dei vert flittig brukt og det er kjekt å sjå!! Så her har bestemor favnen full, ikkje lett å få alle til å sitja i ro men det vart no nokolunde:)) No er det helg og jobbing igjen så då ynskjer eg deke God Helg:))

mandag 16. januar 2012

Tøfler

Hei! Ja no var det på tide med eit innlegg her på bloggen, er lenge sidan eg var flink til å oppdatere no.. Gløymer rett og slett å forevige tinga eg lager før dei er spasert ut frå heimen:) Men her kjem det no litt tøfler igjen, har ein tendens til å gjenta meg sjølv... men dei er kjekke å strikke og det har vore ein del som vil ha slike tøfler. No er vi jo komen langt ut i Januar og eg synest tida fyk avgårde, det er mykje som skjer og eg greier ikkje heilt å følgje med:) Kansje eg greier å skjerpe meg snart?? Iallefall vil eg ynskje alle ei fin veke:))