I dag har vi hatt eit nydelig vær her i vest og då passa det fint å få tatt utebilder, har til og med sete ute å strikka i dag:) Har strikka Intuitive lue til store jenta mi (eldste barnebarnet), såg denne lua på Kristines blogg og synest den var så fin. Har strikka den i Silkroad DK Tweed og blanda i ein sølvtråd men den vises ikkje her på bilde. Har ikkje brukt dette garnet før men synest det var veldig godt å strikke med:)
Så har eg strikka to nye kjøkkenkluter i Gjestal bommul sport, desse har vore ferdige ei stund berre mangla fastmaskekanten rundt og det fekk eg gjort ute i sola i dag.Ynskjer alle ein fin laurdagskveld:))
for 2 dager siden