mandag 30. mai 2011

Sjal og vest

Hallo, no var vi der igjen! Lenge sidan sist , eg er fryktelig treg med blogging for tida og ikkje så mykje kjappare med strikkinga heller.
Men no har eg strikka eit lite sjal, det er strikka i Petunia og Kid silk og er i barnestørrelse, synest det vart litt småsøtt. Så har eg brukt litt bomullsrestegarn igjen til ein liten vest i str. 2 år så det er ikkje så mange gramma som er brukt... har fortsatt masse bomullsrester igjen! Mønsteret er frå same plass som den forrige vesten eg strikka.
Så har eg jo blitt bestemor igjen sidan sist, den 13 mai kom det ei lita/stor skjønn jente til verden, ho var 4220 g 0g 52 cm og alt vel!! Her har vore mange små som har komen til verden det siste året, har blitt bestemor til 3 små på under 1 år:)) Elles så lar sommaren vente på seg her hos oss men det siste eg har hørt er at den kjem til helga, iallefall er det bedre meldinger då!! Ynskjer alle ein fin og god kveld:))

tirsdag 10. mai 2011

Jakke

Har strikka ei jakke kansje ein kan kalle det ein finjakke.. når den er kvit vert den vel kansje brukt mest til fint. Mønsteret er frå pt design nr 103, garnet er 1 tråd pandora og ein tråd plumet og den er strikka i str 7/8 år. Jenta vert 6 år i år så den er kansje litt stor. Men bedre med litt stort enn litt for lite!
I dag er det overskya men fin temp. berre ei veke til 17 mai no og eg er spent på kva vær det vert då... ikkje at det betyr så mykje for meg for eg skal jobbe men det er no kjekt for alle dei små at det er litt fint på ein slik dag!! Takker for koselige kommentarer, alltid kjekt:))

torsdag 5. mai 2011

Sommerkjole

Har strikka ein sommerkjole i str.6/7 år, den er strikka i bomull.(husker ikkje kva garnet heiter) Mønsteret fann eg i eit blad eg kjøpte på Narvesen og det heiter Filati infanti.Kjappt og greit arbeid så no gjennstår det å sjå om den passer til jenta som skal ha den!! Berre ein dag igjen no så er det helg og det er supert! Ynskjer alle ein fin kveld:))

tirsdag 3. mai 2011

Premie

Eg var så heldig å vinne denne fine premien i påskelotteriet til Trollkåno , ei "snopeskål" med snop og to fine krusunderlag!! Og eit koseleg kort følgde med. Blei veldig glad for dette så tusen takk til trollkåno!! Ha ein god kveld :))