fredag 25. mars 2011

Babysett

Har strikka baby/hentesett til eit nytt lite barnebarn som skal komme i mai, det er vel ikkje tvil om kva kjønn det er... Settet er strikka i lanett og mønsteret er frå sandnes sitt temahefte nr24 som heiter babytepper og hentesett.

Det er kjekt å strikke slike småplagg, kjapt og greit arbeid. I dag skal eg vera barnevakt til ei lita bestemortulle på 9 mnd og det vert kjekt! Og i kveld får eg besøk av fleire barnebarn som skal vere hos mormor i helga, så det vert ei travel men koselig helg!! Når eg våkna i dag var det blitt kvitt ute igjen, ikkje så mykje snø men nok til at bakkane er blitt kvite. Så våren lar nok vente på seg ei stund til! Ynskjer alle ei god helg:))

fredag 11. mars 2011

Litt småstrikk

Hei. Her kjem ei lue eg strikka til eldste barnebarnet mitt til ho skulle på vinterferie. Ho var sjølv med og plukka ut mønster og farge, så ho vart veldig fornøyd og lua flittig brukt på vinterferien:)
Så eit par små labber som skal vera gave til ein liten gutt, dei er strikka etter mønster frå myk start boka og garnet er lanett.( dei er blå i virkeligheten) Vi har veldig skiftande vær her hos oss, i dag er det kvite marker ute, kaldt og litt vind. Men no trur og håper eg at våren er rett rundt hjørnet:) Ynskjer alle der ute ei fin helg:=)

søndag 6. mars 2011

Feminin rib

Har strikka feminin rib etter mønster frå boka Børnestrik av Lene holme Samsøe. Har strikka den i mini alpakka frå sandnes. Den er strikka i str. 2 år og skal vera gave til ei lita jente på 1,5 år.
I dag har vi flott ver her på vestlandet så no skal eg ut ein tur og lufte meg litt. Håper de alle har ein fin søndag:))

torsdag 3. mars 2011

"Setesdalstrøye"

Hei. No har eg kosa meg med å strikke ein slags setesdalsjakke til barnebarnet på 6 år.Såg eit bilde av ein slik jakke ine på ein blogg, husker desverre ikkje kva blogg det var... Fann mønster på ein vest i setesdalsmønster og brukt det som utgangspunkt til jakka. Har brukt sisu garn i staden for mini alpakka som var garnet som var brukt i vesten. Blei godt fornøyd med resultatet så er det berre å håpe at ho som skal ha jakken og vert fornøyd!
Har ikkje fått vaska eller dampa den enno, den vert vel litt jevnare i strikket då.. Synest ikkje fargane på bilde blei heilt riktige men det får no så vere.
No har eg tatt helg og har tre herlige fridager framfor meg:)) Ha ein finfin kveld:))