onsdag 29. februar 2012

Kjole

Hei. Har strikka ein liten kjole ,den er strikka i str 2år men når eg ikkje har brukt riktig garn er eg ikkje sikker på om den heldt meir enn ca 1,5 år. Håper no at den er passe til ei av småjentene mine:) Har strikka den i Cotten Eco frå Scachenmayr og mønsteret er frå Arne og Carlos sitt hefte. den skal egentlig strikkast i ullgarn men eg tenkte bomull var greit no til våren. Har planer om å strikke fleire slike kjoler. Ha ein fortsatt fin kveld:))

fredag 24. februar 2012

Strikkejakke

Hei. No har eg strikka ein jakke i ca str. 7-8år, den er strikka i Alpakka frå drops og mønsteret er frå drops. Eller det kvite er drops alpakka og dei andre fargane er rester med alpakkagarn som som har lagt her... så fargane er ikkje akkurat slik som på mønsteret men synest det funka greit.
Og no er det helg igjen, synest tida fyk avgårde, litt nifst igrunnen men då går det fort til vår og sommer. Det er ruskevær her så det er vel fint vær til å gjere helgereint..... men fint strikkevær og:) Ynskjer deke ei God og Fin helg!!

lørdag 18. februar 2012

Traktorlue

Her har eg strikka traktorlue til mormorgutten min, er veldig spent på om den passer og om han vil bruke den:) Dette er lue nr 2, den første rekte eg opp med ein gong for den såg eg at var forliten... Mønsteret fann eg i eit familien blad og garn har eg funne i garnlageret mitt:))
Så eit par korte sokker/tøfler strikka i pt5, liker godt å strikke dette mønsteret. Desse går nok til eplabutikken min... Håper de har ein fin lørdagskveld alle sammen:))

torsdag 16. februar 2012

Votter

Her kjem to par små votter i str ca 2 år, det einsfarga paret er strikka i eit rovan garn og mønsteret er frå drops. Det andre paret er nøstebarn garn og oppskrift. I dag har vi fint vær, nesten vårvær her på vestlandet!! Har vore ute og gått ein liten tur og det var herlig... skulle nok vore flinkare til å komme meg ut men alt er bedre enn ingenting:) Ha ein fin kveld:))

onsdag 1. februar 2012

Litt småstrikk

Her har eg laga ein tøffel/korte labber av russesokk mønster, strikka i pt5. Synest resultatet vart ganske bra, dette paret er lagt ut i eplabutikken min:)
Så har eg strikka meg ein hals, ikkje så lett å sjå korleis den ser ut her men den er ganske enkel. Det er ei blanding av rettstrikka felt, rillestrikk, er strikka i condor og er varm og god å bruke no i vinterkulda:)For den er nemlig min, ikkje så ofte det vert strikka til meg sjølv.... Ha ein fortsatt God Dag:))