fredag 28. desember 2012

Strikka julegaver

Hei. Først vil eg få ønske alle ei fortsatt God Jul!  No er det klart for å vise fram litt heimelaga julegaver, først ut er Lark vest frå boka The bird collection by Helga Isager. Denne er det bestemorgutten min som har fått.
Så to mariustunikaer til to av jentebarnebarna , den eine er strikka i 4år og den andre er i 10 år.Mønsteret eg har brukt er frå mariusboka. Har ikkje fått sett dei på enno men håper dei er passelig.Får dei snart på besøk så da får eg vel  kansje sjå dei i bruk.
Eg har jobba ein del i jula men no er eg fri og skal ha det til 1 nyttårsdag, deilig med litt fri:))Ha ein fin og god dag alle sammen!!!

fredag 7. desember 2012

Pulsvarmere

 Her kjem eit lite knippe med pulsvarmere som eg har strikka, har vore ferdig nokre veker men har ikkje fått lagt dei ut før. Det øverste paret er strikka i royal alpakka og mønster frå eit dale hefte, strikka eit par til i lys beige men det forsvann før eg huska å forevige det.

Desse to para  er gamle kjenninger her på bloggen min, eg har det vel  med det å gjenta meg sjølv litt. Desse er strikka i sterk alpakka frå du store alpakka og mønsteret står i boka Strikk og bruk. Her har vi fint vintervær, sjølv om eg skulle ønske litt meir snø så vi kunne få bruke skia..... men synest likevel det er flott med  minusgrader, vindstille og sol:)) Vil få ønske alle ei finfin adventshelg !!