mandag 30. mars 2009

Babyjakke

Babyjakke strikka i mandarin petit mønster fra sandnesgarn sitt hefte nr 0707. Har laga den i str 6 mnd, rekner med at den er passe til sommaren.
Måtte ta eit nærbilde av knappane, eg synest dei var så søte. Elles så har vi feira barnedåp i helga, så da har det gått med ei del tid til forberedelser. Vi hadde ein koseleg dag med familie og venner, trur dåpsbarnet og foreldre var fornøyd med dagen:) Eg har ferie denne veka så da skal eg berre kose meg,skal strikke, kansje gå litt turer og lese litt, med andre ord berre gjere ting eg har lyst til:) Skulle ønske at veret vart litt betre,men men....det må vi ta som det kjem.

søndag 22. mars 2009

Babylue

Her kjem ei lita babylue eg har strikka, har brukt rester av garnet eg brukte til bodyen i forrige innlegg. Mønsteret er og henta frå samme boka, elles går det ikkje så fort med å få ferdig strikkeprosjekta mine no for tida. Veit ikkje heilt kva som skjer men dagane går så fort og eg synest ikkje eg får gjort så mykje. Men eg har no nokre prosjekt på gang:)

Ha ein fortsatt god søndag!!

mandag 16. mars 2009

Omslagsbody

Har strikka omslagsbody til vesleguten (minste barnebarnet), strikka i surya eit blandingsgarn av bambus og soya veldig mjukt og godt garn. Mønsteret er henta frå boka Myk start av May B Langhelle. Dette var eit kjekt strikketøy!!Eit nytt par russesokker strikka i blanding av silja og pt5, ekstra stort dette paret ca str 45 .
Akkurat no er her eit ekkelt vær med regn og vind, håper på fint vår vær snart:)

tirsdag 10. mars 2009

Halser

Har strikka ein Pudorosa i tynn alpakka frå du store alpakka ,ganske artig å strikke men litt pøete med alle knappane:) Såg den først inne på Elisabeths verden sin blogg ,synest den var så flott og då måtte jo eg og prøve. Den har vore ferdig ei god stund men lagt på venting på knapper. Så ein thermis igjen denne er strikka i lerke og er bestillingsvare. Her er den saman med eit lite vårteikn:-) Det var opplett ei lita stund så då måtte eg skynda meg ut og ta bilde.

Måtte jo vise at eg kan strikke anna enn berre labber, men det kjem nok meir av den sorten får jo stadig spørsmål om eg kan strikke labber til forskjellige. Ei god veke til alle sammen:)

søndag 8. mars 2009

Marssokkene

Jippi!! No er eg ferdig med marssokkane owl knee socks, litt av eit arbeid synest eg. Eg er ikkje så trena på å strikke etter engelske mønster, så eg har måtta tatt opp igjen nokre ganger.Har aldri strikka labber fra tåa og opp før men det gjekk no på eit vis det og. Dei er strikka i silja på pinne 3,5

Har nok angra innimellom på at eg valgte å strikke knestrømper men no når eg er ferdig er eg litt stolt av det. Det var igrunnen eit kjekt mønster å strikke og eg er glad eg er ferdig:)
Og i dag er det søndag, kvinnedagen og fridag så da er livet herlig!! Ha ein flott dag:-)