tirsdag 29. september 2009

Nissefar og nissemor

Ja no er nisseparet endelig ferdig, nissemor har måtta vente ei god stund på nissefar. No er ho glad og fornøyd over endelig å ha fått maken sin på plass, men enno må dei sitje slik og vente på å få komme ut i verden!
Det tok si tid med kleda til gubben, gjekk tom for tråd og det forlenga prossesen ei god stund.
Men han vart no ferdig i god tid før dei skal gjevast vekk, det er enno ein månad att men godt med alt som er gjort!! Kleda er strikka i juvel og mønsteret er frå fagstrikk.Det har vore kjekt å strikka dei men ganske mykje arbeid vil eg sei!
Men når ein vert fornøyd med resultatet så har ein liksom gløymd at det var mykje arbeid:)) Elles så har vi fortsatt mykje regnvær sjølv om det har vore litt lettare i dag, har til og med sett sola eit øyeblikk i dag. Ei god veke til alle sammen:))

lørdag 26. september 2009

Votter

Hallo, og god laurdagskveld alle saman!!
Eg har strikka og tova to par votter, og har pynta dei med nålefilting.Dei turkise er strikka i Røros lammeullsgarn og dei brune er laga av Navia garn, som pynt har eg brukt Canto , Lammeullsgarnet tova godt men Navia garnet tover ikkje fullt så godt, noko eg burde ha vist for eg har prøvt det før! Men eg hadde igjen eit nøste og tenkte at eg skulle gjera eit forsøk til, det gjekk jo ganske bra berre det at dei vart litt større enn dei andre. Det er vel litt ulik størrelse på hendene til folk og:)) Har ikkje noko bestemte som skal ha desse så dei får no liggja og godgjera seg litt, kansje dei vert med på julemesse.
Dei er kjekk å strikke så det vert nok fleire av denne sorten, solgte ein del slike på messa i fjor. Elles så heldt vi på å regne vekk her i vest, regn dag ut og dag inn men det er  fint strikkevær.Vil nok ein gang få takke for koselige kommentarer, det er så kjekt. Så må eg få ynskja alle ei riktig god helg:))

tirsdag 15. september 2009

Tunika

Her kjem eit lite innlegg fra meg, har strikka tunika/lang vest. Den er stikka i daletta på pinne nr 3,5 og mønster er frå Dalegarn nr 217 barn klassisk. Har strikka den i str 12 år.

Eg vart ganske førnøyd med resultatet, er så glad i slike jordfarger. Det var eit greit mønster å strikke så det gjekk ganske kjapt!
Elles går her mest i jobbing, men me har hatt eit par tre dager med fint vær og det har gjort godt!! Fint vær og sol gjer livet litt lysare og det vert litt lettare å utføre dei daglege gjeremål:))Ynskjer alle ei fortsatt god veke!!

onsdag 9. september 2009

Havskumsokker


Hei,hei! Ja no er det lenge sidan sist innlegg, har vore litt ute av drift men sastser på at no kjem eg sterkare tilbake:) Har ikkje greid å få ferdig augustsokkane men her kjem septembersokkane!! 


Desse er strikka i Viking sportsragg på pinne nr 3, dei var kjekke og raske å strikka. Mønsteret er det Tone M. som har laga, flink dame.

Det er lenge sidan innlegg men det er ikkje det same som at eg ikkje har strikka, men det er jo ikkje alt ein kan legge ut her enno:) Eg heldt nemlig på med litt gaver så dei vert lagt ut seinare.Har vore vekke ei vekes tid, eg var med min søster på høstferie. Vi var på hytta deira i Trysil, hadde ei fin veke der sjølv om været ikkje var det beste! Ha ein flott dag:))