torsdag 29. desember 2011

Tova votter

Hei. Velger å avslutte året her på bloggen min med bilder av det som eg har strikka mest av i det siste, nemlig tovavotter. Desse para har vore ferdig ei stund men ikkje blitt blogga som så mykje av anna eg har strikka i det siste. Julegavene er blitt gitt vekk uten at eg har huska å ta bilde av dei, får prøve å vere flinkare neste år:)Har ikkje vore heilt i strikkeform i det siste men kjenner at det kjem seg no, litt pause trengs vel innimellom....
Så da vil eg få ynskje alle eit riktig GODT NYTTÅR og takke for det gamle, " snakkes" neste ÅR:)

torsdag 22. desember 2011

Nisser

Hei. Med desse smånissane vil eg få ynskje alle her i bloggverden ei riktig så GOD JUL:)) Det har ikkje vore særleg aktivitet her på bloggen min den siste månaden, har strikka masse men noko er julegaver og andre ting har forsvunne ut av huset uten at dei er blitt foreviga! Nissane her har danske aner, har herma etter musses nisser. No skal desse nissane få vere pynt på barnebarnas julegaver, Juleklem frå meg:))

fredag 2. desember 2011

Tova votter

Her kjem det fleire tovavotter i barnestørrelse denne gangen. Var på julemesse forrige laurdag og var veldig fornøyd med resultatet. Og så fekk eg bestilling på fleire votter så no har pinnane gått og vottane er ferdige.
Ute er det eit forrykande vær, med blåst og regn men slik er det vel mykje godt på heile vestlandet:) Vil få ynskja alle ei finfin helg!

mandag 21. november 2011

Tova votter + luer

Hei. Ja no er det på tide med eit lite livstegn frå meg. Øverst er det luer eg har strikka i tjukt garn, kan ikkje huske i farten kva garn, den brune er Arne og Carlos mønster og den raude er frå epla si julebok.
Så ein liten bukett med tovavotter som er strikka i finull, liker det garnet veldig godt! Dette blei berre eit innlegg i full fart for no skal eg på jobb, ha ein god dag:))

tirsdag 8. november 2011

Pulsvarmere

Har sett desse pulsvarmerene rundt om på forskjellige blogger og vart frista til å strikke dei. Mønsteret heiter Alligator pulsvarmere og eg har strikka dei i Royal Alpakka frå Dalegarn og brukt pinne nr 3,5. Eit utrulig mjukt og godt garn og godt å strikke med, vart ganske fornøyd med resultatet. Kjem til å legge dei ut i eplabutikken min, elles vert det ikkje lagt ut så mykje der no for no er det julemessa eg tenker mest på... Ha ein god dag:))

søndag 6. november 2011

Strikkeluer

Hei. Ja det er ikkje så mykje aktivitet her på bloggen min no for tida , men det er ikkje for at eg ikkje strikker.... Pinnane går jamt og trutt så snart eg har ein sjangs og noko forsvinn ut av huset uten å koma i bloggen:) Har no laga to luer frå bladet M by M, har strikka dei i dobbel freestyle då eg ikkje fekk tak i det garnet som skulle brukast. Begge luene er strikka i lilla, lys og mørk men på bilde blei dei blå... No ser det ut til at første linja her vart blå og men det får så vere!! Den eine lua er allerede gitt vekk i bursdagsgave, var i besøk til to av barnebarna i går nemlig i 1 og 6 års dag. Koselig med besøk for dei små:) God søndag til alle som titter inn her:))

lørdag 22. oktober 2011

Litt messestrikk



Ja her vart det litt forskjellig strikk til julemessa, alt er selbustrikk og alt er strikka i pt5. Det øverste paret er i dame str. dei raude og dei rosa i str. 6-8år og tøflane er ca str. 37-39. Eg synest det er vanskelig å vete kva som er lurt å strikke til messer og har inntrykk av at det kan variere frå år til år... Nokon som har eit lurt tips for dette årets julemesser?? Men uansett så er vel votter og tøfler små plagg som det alltid er bruk for.. Ute er det fortsatt regn, vert visst aldri tomt:) Med andre ord fint strikkevær, GOD HELG:=))

lørdag 15. oktober 2011

Labber

Hei,hei og god helg til deke alle!! Har strikka to par tjukkelabber som me kaller det, dei er strikka etter eget hode og i viking sportsragg. Det er laga litt ekstra lang legg på dei og dei er i ca str 37-39, det ein paret er allerede bestilt av eldste barnebarnet og det andre vert vel med på julemessa tenker eg. Elles så er det jobbehelg igjen for meg så det vert vel ikkje så mykje strikking resten av helga:))

mandag 10. oktober 2011

Stabburstøfler

Hei. Ja no er vi snart komen midt i oktober og kulden lurer bak hjørnet så då passer det vel bra med tøfler. Her har eg strikka stabburstøfler frå boka Vinterstrikk, ganske fornøyd med resultatet men synest det var mykje arbeid på dei!! Det vil vel gå litt kjappare viss eg strikker eit par til, desse er strikka i herrestr. og dei vart litt store. Har strikka dei i pt5.
Så slenger eg med eit par pulsvarmere i kjent fasong og mønster, har strikka ein del av desse ....og kanskje vert det fleire:)Desse er strikka i mirasol frå dsa.
Håper at det vert ein fin og god dag for alle:))

søndag 25. september 2011

Pulsvarmere

Hei , ja her går det fortsatt i restegarnsproduksjon!! Har strikka to par med felisipulsvarmere i tynn alpakka frå DSA. Mønsteret har eg funne på bloggen til Felisia , har lenge hatt planer om å strikke dei og no er eg endelig i gang. Putla litt med første men sidan gjekk det greit. Ser at mønsteret ikkje kom særlig fram på dei svarte men, men no vart det slik. Eg har arbeidshelg så eg må snart gjere meg klar til å gå på jobb.... Ha ein flott ettermiddag:))

torsdag 22. september 2011

Pulsvarmere og lue

Har strikka pulsvarmere i sterk frå du store alpakka og mønsteret er frå same plassen. Kjekke og greie å strikke og garnet er godt å strikke med, har strikka fleire slike par før og kem veit kansje vert det fleire.
Og så ei nøstebarnlue igjen også denne i restegarn... Har brukt dobbel lanett og den vart ca str. 1,5- 2 år. Ute er det skikkelig høstvær med regn og blåst, så det er berre å kose seg innendørs!

mandag 12. september 2011

Tova votter

No er dei her igjen, dei tova hjertevottane mine som eg har strikka mengder av!! Dei er som vanlig strikka i finull etter eget mønster. Og no har eg endelig gjort det eg har tenkt på leeenge, nemlig fått meg epla butikk:) Tenkte å legge desse to vottepara ut der, så får vi sjå om det vert noko respons.... Viss ikkje så får eg finna på noko anna med dei, det er jo ikkje så veldig lenge til jul:=)Ha ein fin kveld!

lørdag 10. september 2011

Småstrikk

No har eg strikka eit lite sett til veslejenta i familien, ho er allerede blitt 4 mnd. utrulig kor fort tida går.Lua og vottane er frå nøstebarnboka og labbane frå myk start. Det er strikka i alpakkagarn så ein får tru det blir varmt og godt til småjenta.(fortsatt restegarn) Deilig med frihelg og veret ser ikkje ut til å verta så aller verst, opplett iallefall! Kos deke og nyt dagen:))

torsdag 8. september 2011

Nøstebarn luer

Her er det fortsatt bruk av restegarn som står på agendaen. Har strikka luer etter nøstebarn si oppskrift, veldig greie luer å strikke. Kjekt med slik fasong som sitter godt på eit barnehode. Ser at bilda ikkje er dei beste, fargane er ikkje riktige, det ser ut til at den eine lua er blå men den riktige fargen er lilla med grønn kant . Har strikka dei i str. 2 år men med ulikt garn og pinnestr. vart det ulike størrelser. Kjem nok til å strikke fleire slike:))
Hadde desverre ikkje nok garn til å strikke votter til den siste lua, restegarn veit du.... Fortsatt fin dag til alle:))

mandag 5. september 2011

Tova barnevotter

Har no hatt ei økt med å verta kvitt litt restegarn igjen, men det visest ikkje mykje i garnhaugen min:) Det har iallefall resultert i tre par tova barnevotter og har nok garn til nokre fleire.... Men det begynner å verta vanskeligre å setta sammen farger:) Det er fortsatt fint strikkevær , det regner og regner og i dag har eg fri etter arbeidshelg så då er det strikkepinnane sin dag:=)) Ein fin og god dag til alle:))

lørdag 27. august 2011

Mariusgenser

Her har eg strikka mariusgenser med rundfelling, eg valgte å bruke berre to farger og ikkje dei tradisjonelle mariusfargane.Mønsteret er henta frå Sandnes sitt hefte klassikere temaheftenr 10 og den er strikka i Karisma i str. 4 år. Eit kjekt og greit strikkearbeid. God helg til alle som titter innom:))

onsdag 24. august 2011

Russesokker

Det vert visst mykje sokker her på bloggen min no, men når det er det eg strikker for tida så vert det sånn.
Det er sokker i ulike mønster og størrelser, alle er strikka i silja og pt5. Heldt på med litt anna strikk og men det kan ikkje visast fram enno.... Elles så ser det ut til at hausten er komen her i vest, iallefall har vi haustvær i dag. Det pøsregner og bles så det er fint innevær, strikkevær rett og slett! Så vil eg takke for koselige hesinger som eg har fått og ynskje alle ein fin kveld:))

mandag 15. august 2011

Nøstebarntrøye

Her har eg strikka ei nøstebarntrøye, mønster og garn frå nøstebarn.Synest desse trøyene er så gode til dei små, og når dei kjem på er dei litt fine og.
Så eit par små votter igjen, ein litt annan variant denne gangen, mønster frå pt og garnet er pt5. Dei er strikka i str 2-4 år, trur størrelsen er sånn nokonlunde. Det skulle egentlig strikkast inn bokstaven til eigaren men eg synest ikkje eg fekk det fint så derfor vart det berre ein kvit runding. Kanskje eg prøver å sy ein bokstav der seinare, vi får sjå.... I dag har det vore regn her hos oss men no titter sola fram og det er herlig!! Ha ein fin kveld:))

mandag 8. august 2011

Flaggvotter

Ja det er Norge i raudt, kvitt og blått, her er det flaggvotter i ulike størrelser.Herrevottane er strikka i smart og dei andre para i pt5, fekk litt dilla på desse for dei var artige å strikke. Det vert sikkert fleire par av same sorten.. Dei er strikka etter eit raumamønster. Det er lenge sidan forrige innlegg, har vore litt skralt her på bloggen min i sommar, har liksom ikkje vore i bloggmodus. Men det vert muligens betre utover hausten, kem veit:)) Ha ein fin dag alle saman:=)

torsdag 21. juli 2011

Feriestrikk

Ja no har det vore lenge stille her på bloggen min, men no er ferien over og kansje det vert litt meir aktivitet... Her er iallefall litt av det eg har sysla med i ferien, pinnane har gått jamt og trutt når vi har kjørt. Har strikka fleire smålabber og eit stort par, smålabbane strikker eg av restegarn og einslige smånøster som ligg. Godt å få brukt litt av det!!
Og eit par små votter har det blitt, må nok lage fleire slike.No har eg snart vore i jobb ei veke etter ferien, tungt å begynne på igjen men det går seg til.Fortsatt god sommer og god helg :))

tirsdag 5. juli 2011

Strikkejakke

Hei. Her er det fortsatt ferie og feriemodus, men no er eg ferdig med over halve ferien... Ja,ja ein må berre nyta det mens ein kan og i dag har vi hatt ein skikkelig flott sommardag, herlig!!!
Så har eg endelig fått gjort ferdig jakken min som eg starta på for godt over eit år sidan, så den har jo vore ufo ei stund. Veit ikkje kvifor den vart lagt til sides for det var ikkje så mykje som mangla men no er den ferdig og eg vart fornøyd med den:)) Den er strikka i sandnes tynn alpakka 0g mønsteret frå sandnes mix dame nr 0911. Ha ein fortsatt god sommer alle sammen:))

torsdag 30. juni 2011

Sommerkjole


Her kjem enda ein sommerkjole, den siste for i sommer........trur eg..Når det er mange småjenter i familien så må det til litt kjoler , hadde no berre sola komen og!!!!
Denne kjolen er strikka i mandarin petit og mønsteret er henta frå sandnes sitt temahefte 24. Den skulle egentlig strikkast i ullgarn men synest det passa bedre med bomull no på denne årstida:)) Den ser litt vid ut så den blei nesten ufo, men så fekk eg prøve den på ei lita jente og då var den faktisk ganske fin på. Dermed vart den gjort ferdig så då får eg håpe den vert fin på ho som skal ha den!! Ha ein god og fin dag alle sammen:))

mandag 27. juni 2011

Labbestrikk

Det er midtsommer og eg har ferie men værgudane er ikkje med oss!! Her er det grå vær og regn så då passer det vel bra med litt labbestrikking, vinteren er her før vi veit ordet av det..... Nei no var eg litt vel negativ, eg håper no fortsatt på litt sol og varme!!!!
Har strikka tre par smålabber etter ei rauma oppskrift, har strikka dei i rester av tynnt ullgarn. Og dei to store para er strikka i pt5, dei er vel egentlig meir tøfler enn labber. Elles så er det deilig å ha ferie og berre kunne gjere det ein har lyst til som for eksempel å strikke... og å sleppe å gå etter klokka, det er godt det:))Ynskjer alle ein fortsatt god sommer enten det er sol eller regn:=))

søndag 12. juni 2011

Sommerkjole

Hallo og God Pinse til alle sammen!! Innimellom arbeidsøktene har eg fått ferdig denne bommulskjolen. Den er strikka i str 1 år, garnet er mandarin petit og mønsteret er frå Sandnes sitt temahefte 21.
Veldig kjekk kjole å strikke, litt mange masker nede (320) men så blei det jo mindre etterkvart. Håper den passer til veslejenta.... men viss ikkje har eg to som er mindre:)) I går var det ein flott ettermiddag og kveld men i dag er det blitt gråvær igjen. Men det regner no ikkje så da får ein vel vere fornøyd med det!! Ynskjer deke ein fortsatt god Pinse, eg må snart gjere meg klar for siste vakta i helga og så er det fri i morgon:))

fredag 10. juni 2011

Kjole

Bommulskjole frå pt design nr 103, strikka i petunia ca str 7 år.Sjølve kjolen var kjapp å strikke men litt " putlete " med heklinga i etterkant... masse tråder å feste. Mange fargeskift og umulig å dra tråden med seg, men det er jo pynten som gjer kjolen! No er det jo helg igjen og eg skal som vanlig på jobb, føles av og til at eg jobber kvar helg men gjer no ikkje det. Det er tredje kvar helg noko som vel er ganske vanlig i helsevesenet. Og sommeren lar vente på seg, var eit lite lysglimt i går for så å vere grått igjen i dag. Men, men den kjem vel til slutt får vi no tru!! Ynskjer alle ei fin og god helg:))

mandag 30. mai 2011

Sjal og vest

Hallo, no var vi der igjen! Lenge sidan sist , eg er fryktelig treg med blogging for tida og ikkje så mykje kjappare med strikkinga heller.
Men no har eg strikka eit lite sjal, det er strikka i Petunia og Kid silk og er i barnestørrelse, synest det vart litt småsøtt. Så har eg brukt litt bomullsrestegarn igjen til ein liten vest i str. 2 år så det er ikkje så mange gramma som er brukt... har fortsatt masse bomullsrester igjen! Mønsteret er frå same plass som den forrige vesten eg strikka.
Så har eg jo blitt bestemor igjen sidan sist, den 13 mai kom det ei lita/stor skjønn jente til verden, ho var 4220 g 0g 52 cm og alt vel!! Her har vore mange små som har komen til verden det siste året, har blitt bestemor til 3 små på under 1 år:)) Elles så lar sommaren vente på seg her hos oss men det siste eg har hørt er at den kjem til helga, iallefall er det bedre meldinger då!! Ynskjer alle ein fin og god kveld:))

tirsdag 10. mai 2011

Jakke

Har strikka ei jakke kansje ein kan kalle det ein finjakke.. når den er kvit vert den vel kansje brukt mest til fint. Mønsteret er frå pt design nr 103, garnet er 1 tråd pandora og ein tråd plumet og den er strikka i str 7/8 år. Jenta vert 6 år i år så den er kansje litt stor. Men bedre med litt stort enn litt for lite!
I dag er det overskya men fin temp. berre ei veke til 17 mai no og eg er spent på kva vær det vert då... ikkje at det betyr så mykje for meg for eg skal jobbe men det er no kjekt for alle dei små at det er litt fint på ein slik dag!! Takker for koselige kommentarer, alltid kjekt:))

torsdag 5. mai 2011

Sommerkjole

Har strikka ein sommerkjole i str.6/7 år, den er strikka i bomull.(husker ikkje kva garnet heiter) Mønsteret fann eg i eit blad eg kjøpte på Narvesen og det heiter Filati infanti.Kjappt og greit arbeid så no gjennstår det å sjå om den passer til jenta som skal ha den!! Berre ein dag igjen no så er det helg og det er supert! Ynskjer alle ein fin kveld:))

tirsdag 3. mai 2011

Premie

Eg var så heldig å vinne denne fine premien i påskelotteriet til Trollkåno , ei "snopeskål" med snop og to fine krusunderlag!! Og eit koseleg kort følgde med. Blei veldig glad for dette så tusen takk til trollkåno!! Ha ein god kveld :))