søndag 31. januar 2010

Genser og lue

Hei. Endelig kan eg få visa fram genseren og lua eg har strikka til vesleguten (barnebarnet) Til 1års dagen. Den er strikka i babyull frå dalegarn og mønsteret er VM genseren 2009.Har strikka den i str 2år og den passa fint kansje litt stor.. Men når ein ligg ned såpass med arbeid må dei kunna bruka det ei stund. Held på å strikke bukse til men den vart ikkje ferdig til dagen så den får han få seinare.
Har vore i bursdagsbesøk i dag og det var stor stas. Og vinteren fortsetter, det har kome masse snø i helga og gradestokken viser - 13 så det er eit flott vintervær. Takk til alle som har lagt igjen kommentarer , veldig koselig! Ynskjer deke ei fin veke:))

lørdag 23. januar 2010

Pulsvarmere

Denne gang er det eit par pulsvarmere eg har laga, har laga nokre slike par før. Dette paret er strikka i mirasol frå Du store Alpakka, eit godt garn å strikke av korleis det er i bruk veit eg ikkje for eg har ikkje prøvd det før. Dei forrige para strikka eg i Sterk. Mønsteret er frå boka Strikk og Bruk.
Som de ser så ligg fortsatt snøen her hos oss og det er eit supert vær synest eg. Kan nesten ikkje huske at vi har hatt så stabilt og fint vintervær her hos oss i vest. Eg har arbeidshelg så no er det snart på tide å gjere seg klar til jobb, men ikkje heilt enno rekk å strikke litt til:))Ynskjer alle ein finfin laurdagskveld!!

tirsdag 19. januar 2010

Russesokker og votter

Hei her er eg igjen enda ein gang med russesokker og tova votter. Veit at eg har hatt ein del av det før her i blogger, men det er no det eg strikker på no for tida. Har enda fleire russesokker på gang, bestillinger...
Har gjort ein liten vri på det eine paret med votter, damen ville ha med lila blomster på og eg visste no ikkje heilt korleis eg skulle få det til. Men her er altså resultatet, er veldig spent på om dei fell i smak, viss ikkje får eg lage nye! Har no elles litt større ting eg strikker på mellom anna jakke til meg sjølv. Så pinnane går jevnt og trutt sjølv om det ikkje er så mykje å blogge, skulle gjerne hatt litt meir tid til strikkinga mi! Men er jo nødt til å gå litt på jobb og.. sånn som 100%:)) Vil få ynskje deke alle ei fortsatt god veke:))

søndag 10. januar 2010

Diverse småstrikk

Hei, ja no kjem første innlegg i 2010, har gått litt tregt med meg i starten av det nye året. Først eit pannebånd strikka i Karisma på pinner nr 4,5, mønsteret er frå drops.Hadde ikkje noko modell tilstades så derfor måtte eg bruke ballen, "man tager hva man haver..."
Så to par av dei vanlige vottane også denne gangen strikka i Finull, synest det er eit supert garn og strikke av og å tove.Det eine paret er mitt og det andre er bortbestillt.Det eine paret ser veldig stort ut men det er nok bildet som lyg for dei er like store.
Og til slutt eit par tøfler som er hekla i Easy med ein rest av fritidsgarn, dei er og tova. Mønsteret fann eg hos mirre virre, synest ikkje eg vart heilt heldig med dei... Originalen var mykje finare:)) Men fekk no brukt litt av garnet eg har hatt liggjande:)) Elles har eg hatt ei fin frihelg, har hatt barnebarnet mitt på 4 år på besøk sidan torsdag, veldig stille no når ho har reist heim!! Ute er det jo eit nydelig vær med sol, snø og masse kuldegrader. Så bestemor har fått prøvd både ski og akebrett, morro!! Ha ei fin veke folkens:))