søndag 29. juli 2012

Lue

Hallo igjen!  Her kjem ei lue eg har hekla til  mannen, har hekla den i merino ekstra fine frå garnstudio. Mønsteret har eg herma etter ei anna lue (kjøpelue) Heilt likt er det no ikkje men den vart bra og ikkje minst så passa den til han som skal ha den.  Elles så er det allerede gått to veker av ferien, det går så alt for fort!!!!!!  Har vore vekke ei lita veke og det var kjekt , alltid godt med litt forandring....   Så no håper eg på litt finvær den siste veka, fortsatt god sommer til alle:))

fredag 13. juli 2012

Driftwood

 Har strikka meg ein skikkelig god genser, trur eg den kjennes no slik ut.  Som overskrifta seier så heiter den driftwood på mønsteret som du finn her. Har strikka den i Lerke frå dalegarn og den vart akkurat passe i str. til meg. Trur nok denne kjem til å bli brukt!!
No har eg besynt på tre vekers ferie og det blir supert!! Ikkje det beste været men pytt sann eg har no fri:))

fredag 6. juli 2012

Kortarma trøyer.

 Hei og God sommer til alle som titter innom! Her kjem  kortarma trøyer eg har strikka til to av barnebarna. Den øverste er strikka etter mønster frå garnstudio og eg har brukt Duo garn, ca str 7 år.
Den nederste trøya her er strikka etter samme mønster som den i forrige innlegg men eg har brukt ein bommulstråd som heiter Cotton Time  frå sachachenmayr. Den er strikka i ca str 2 år. I dag har vi hatt ein nydelig varm og fin dag men no er det til å skye over ute.... Og det er ei veke til ferie, gleder meg veldig!!  God helg:))