mandag 25. mai 2009

Arangenser

JIPPI, no er denne forvandla frå UFO til eit ferdig produkt, begynte på denne genseren for ca 7 år sidan. Det skulle verta gave til ein liten gutt men den vart ikkje ferdig i tide og så vart den berre liggjande der! Eg hadde faktisk gløymd den, fann den igjen når eg rota gjennom nokre poser på jakt etter noko anna. Når eg fann den mangla det berre litt på eine armen og til alt hell var det både tråd og mønster der:)Så no er den endelig ferdig og den passer nok vesleguten vår til hausten!! Den er strikka i str 6-12 mnd, har brukt eit mønster frå idena og garnet heiter denim tweed eit mjukt og godt ullgarn.Veit ikkje om det er i handelen lenger, har iallefall ikkje sett det på lenge.Så ein liten oppdatering på bestemødrene, det veks jamt og trutt med ei rute for dagen så nå er første remsa ferdig. Fann ut at det var lurt å hekle dei saman etter kvart, eg har ein del ruter på lur som eg hadde laga før eg starta på alongen, dei får vera med ein annan gong. Vert nok litt ofte med oppdatering ein gong i veka for då vert det jo berre sånne ruter her inne på bloggen min,kjedelig:) Så det blir nok litt lengre mellom kvar gong.


Har hatt ei fin og roleg helg men med litt trimming, har begynt å sykle litt igjen og det er kjekt. Så no er det berre å samle mot og krefter til ei ny arbeidsveke, grått vær og 11grader ute så då er det jo greit å gå på jobb:) Ha ei fin veke!!

lørdag 23. mai 2009

Pilespids

Har strikka pilespids frå boka kæk og klassisk Børnestrikk av Lene Holm Samsøe.Den er strikka i str.4 år og eg har brukt mandarin petit på pinne nr 3. Denne er til veslejenta, storejenta fekk i fjor sommer. Eit snart og kjekt strikketøy og dei vert fine på sjølv om eg synest denne ser litt vid ut i halsen.( har ikkje fått prøvt den på enno)
Elles så er det litt grått og kaldt vær her, men det er opplett ute så då ein kan ein jo ikkje klage, jammen trur eg sola titter fram og! Ha ei flott helg folkens:)

mandag 18. mai 2009

Ei bestemor om dagen

Eg har som så mange andre meldt meg på alongen ei bestemor om dagen, den har sitt utspring frå frk.Badegakk sin blogg.


Der ein skal hekle ei bestemor rute om dagen, ikkje meir men ikkje så farleg om ein ikkje rekk å lage kvar dag. Dette passa bra for meg då eg så vidt hadde begynt på eit teppe som hadde blitt liggjande ei stund, kansje eg får det ferdig no:) Eller kansje det blir ein stor pute eller eit barneteppe eller?? Starta på alongen forrige mandag har hekla 7 stk men ser no at den sjuande ikkje har blitt med på bilde.



Kjem til å oppdatere med jevne mellomrom, ca ein gong i veka. Har brukt mønster frå pt design nr 90 (interiør) Har sett så mange fine ruter i flotte farger rundt om på dei ulike bloggane, det vert spennande å sjå alle dei flotte resultata som vert.

lørdag 16. mai 2009

Sommer sokker

Såg desse labbane inne på Tino sin blogg, synest dei var så flotte og fekk lyst til å lage like eg og. Har strikka dei i silja, fargen er vel ikkje så praktisk men det er no fint med kvitt likevel.
Skulle nok ha laga direkte link til Tino sin blogg men det har eg ikkje lært meg enno og når eg ikkje har nokon her til å hjelpe meg så får det bli sånn:)


Vi har hatt eit nydelig vær her på vestlandet denne veka, nesten sommar det har vore deilig. Lurer på om dagen i morgon vert like fin, eg har arbeidshelg så min 17 mai vert på jobb! Vil få ynskja ein flott 17 MAI til alle sammen:)


mandag 11. mai 2009

Mitred hanging towel

Har strikka ein liten handuk til å henge på kjøkkenet, den er strikka i dobbel mandarin petit og mønsteret er frå den siste boka til Mason-Dixon Knitting. Knappen fann eg i den gamle knappebutten som eg arva etter mammaen min, det har opprinneleg vore ein smørbutt som bestefar har laga.Eg synest den er så fin og er eit kjekt minne å ha no når ingen av dei er her lenger.Så eit lite par babylabber til minstemann, bestemor fekk klage på at labbane hans var for små, så då var det berre å hive seg på pinnane og strikke nye:) Har brukt Opal garn og dei er etter eget mønster.
I dag skin sola her hos oss, håper det er ein mal på korleis været vert denne veka, ha ha :)

fredag 8. mai 2009

Maisokkene

Då var eg ferdig med maisokkane Hubby house socks, godt med alt som er gjort:) Har brukt perfect til bunnfarge og pt5 til kontrastfarge, synest det var eit kjekt mønster å strikke. Og med såpass tjukt garn gjekk det ganske raskt.

Været her i vest er fortsatt ikkje noko å skryte av,det regner og blæs. Elles så må de ha ei god helg alle sammen:-)

mandag 4. mai 2009

Skjørt

Skjørt strikket i Kick, et blandingsgarn av bomull og akryl . Mønsteret er henta frå boka kæk og klassisk Børnestrikk skrevet av Lene Holme Samsøe. Kjekk bok med mange fine oppskrifter. Har strikka det i ca str 11 år mønsteret gjekk berre til 10 år men eg har forlenga det litt, for jenta som skal ha det blir 11 i år( storejenta mi). Det var kjekt å strikke med fire ulike mønster og litt hekling rundt kantane til slutt.Det hadde vel blitt finare bilder med nokon inni skjørtet men når eigaren ikkje er her på ei stund vart det fotografert slik:)

I dag måtte det bli innebilde for ute pøser det ned, skikkelig drittvær her hos oss! Håper det bedrer seg ut i veka, ha det flott:-)