fredag 16. juli 2010

Heklejakke

Det går mest i barne og baby strikk her på bloggen min no for tida, men det vert no slik når det er så mange små i familien:) Og så liker eg godt å lage slike små plagg. Her har eg hekla ei jakke og lue i mini duett og mønsteret fann eg i sandnes garn sitt hefte med samme navn.
Har ikkje prøvd dette garnet før, men det var eit veldig godt garn å jobbe med så da får ein håpe at det er like bra i bruk.. Eg har allerede bestemt meg for eit nytt prosjekt i mini duett. Ei niese av meg fekk ei lita jente på vårparten og det er ho skal ha dette( endelig somla meg til å lage pakke) Og så har eg begynt på FERIE , heile 4 veker fri......... deilig å tenke på !! Men sommervarmen og sola glimrer med sitt fraver , men pytt sann det er no mykje ein kan finne på likevel:)) Fortsatt god sommer til alle :=)

mandag 5. juli 2010

Skjortegenser

Her kjem ein genser eg har strikka til mellomste bestemorsjenta mi. Den er strikka etter mønster frå pt design nr 99 og brukt garnet pandora på pinne nr 3,5. Den er nok litt meir rosa i virkeligheten det hadde vel blitt betre bilde og farge viss eg hadde venta til i morgon og kunne tatt utebilder....
Men det hadde eg ikkje tid til veit du, kjekt å få det ut på bloggen med ein gang:)Ein artig genser å lage med mest strikking og litt hekling. Har laga den i str 6 år så trur nok den er passe, ho fyller 5år til hausten. Utruleg kor fort åra går, synest ikkje det er lenge sidan ho kom til verden.... Har nett vore ute å trimma, litt på sykkel og litt gåing i terreng, håper på å bli litt sprekare he, he:) God veke til alle sammen!!