fredag 19. desember 2014

Flaggvotter

Hei.har strikka masse den siste tida men ikkje lagt ut noko på lenge... Ulike grunner til det, litt er jo julegaver og det skal jo vere hemmelig:) her har eg strikka flaggvotter som nok skal vere julegaver det og men det er ikkje eg som skal gi dei. Så derfor kan eg vise dei, har strikka dei i smartgarn.



Trur nok dette vert siste innlegget her på bloggen før jul, så vil derfor få ønske alle God Jul!!

mandag 22. september 2014

Votter

Har strikka votter til storejenta mi(barnebarn) ,ho har sjølv valgt mønster og farger.






Ho har vore på besøk hos bestemor i helga, veldig koselig:)) Eg var så heldig og fekk denne strikkeboka til bursdagen og mønsteret er herifra.mange fine vottemønster i denne boka så det vert nok strikka fleire votter frå denne!!

fredag 19. september 2014

Hue med vri


Har strikka hue med vri etter litlo&kalen sitt mønster,kjekt mønster å strikke!



Har strikka den i drops babyalpakka og kid silk, så den blei mjuk og god. God helg til alle sammen:))

tirsdag 16. september 2014

Marius sokker

Hei! Her går det i labbestrikk , har nett hatt to veker med haustferie og dette er det som har vore på pinnane. Eg liker å strikke labber, kjekt å strikke og kjapt ferdig:)



Har vore på tur til Trysil så eg har ikkje berre strikka, det blei mange fine fjell turer og litt bærplukking. Vi var så heldige å hadde flott vær nesten kvar dag!!No er ferien over og då er det jobbing igjen, men greit det og etter to fine veker:))

onsdag 16. juli 2014

Pt kjole

Her er min versjon av den populære pt kjolen, valget falt på lillafarger og det ser ut til av veslejenta blei fornøyd.



Me har jo hatt ein nydelig sommar så langt så det har virkelig gått an å bruke kjoler... Håper vi får mange fleire fine solskinnsdager:)) No står ferien for døra og det skal verta godt:)) Ønsker alle sammen ein fin og god sommer:))

torsdag 5. juni 2014

Bella

Ein Bella tunika/kjole har no sett dagens lys her hos meg. Den er heilt ferdig, klar til å få ny eigar om nokre dager:) Mønsteret er frå Børnestrikk på pinne 3,5-4 og er strikka i Petunia frå pt garn.Den er strikka i ca str 5 år, spennande å sjå om den passer..... Ute er det lett duskregn i dag men fortsatt varmt, håper sola kjem at om ikkje så altfor lenge! Ønsker alle ein god dag:))




onsdag 14. mai 2014

Rilletrøye




Rilletrøye strikka i mandarin medi str. 18 mnd. Mønster frå Babystrikk på pinne 3 og denne har veslegutten ( yngste barnebarnet) fått og den passa fint. Den var enkel og grei å strikke og synest gutten blei fin i den:)Så vil eg få ønske alle ei fin 17 mai helg!!

torsdag 8. mai 2014

Bommulsjakke








Har strikka jakke i pt pandora og mønsteret er henta frå Pt design sin katalog Nr 124. Det er jakke til ei lita frøken som har bursdag snart, la opp i 4 år men har strikka den ein god del lengre. Så da er det berre å håpe på at den passer og at den fell i smak.... Så er det vel berre å strikke i vei på neste prosjekt:))

tirsdag 6. mai 2014

Mauna kjole






Har strikka Maunakjole til eit av barnebarna, har fleire den kan passe til. Strikka den i duo garn, såg den på bloggen til litlokalen.wordpress.com. Synest den var så fin at eg berre måtte strikke den:)) Trur nok at det vert fleire slike kjoler...

fredag 11. april 2014

Votter


Litt vottestrikk har det vore her hos meg, har ein del rester av totråds nøstebarngarn som det er kjekt å få brukt.. Har vel garn til ein del fleire par:) det er vel litt feil årstid for votter no men det kjem vel ei tid det er bruk for dei igjen.


Har ikkje nokon bestemte mottakere til desse vottane så kanskje dei vert lagt ut i eplabutikken eller lagt i gavekassen. Så vil eg få ynskja alle ein finfin Påske:))

onsdag 26. mars 2014

Pute


Så var det stua sin tur til å få litt fornyelse. Pute strikka i fritidsgarn, kjapt og greit arbeid.Skulle vel ha hatt ein til, spørs om eg ikke må lage ein til kanskje i ein annen farge:))




torsdag 13. mars 2014

Grytekluter


Har strikka litt nytt til kjøkkenet, grytekluter og vaskekluter.Det var behov for litt fornyelse der. Er uten Internett for tida så det vert ikkje mykje blogging eller blogglesing, men håper det ordner seg snart:))




fredag 7. februar 2014

Lue og pulsvarmere



Har strikka mot mobbing lue til eit av barnebarna, det var visst mange på skulen som hadde slike så då måtte mormor strikke slik og:)) Har strikka den i Viking sportsragg og mønsteret fann eg ved å søke på mot mobbing på nettet. Kjapp og grei å strikke .



Så eit par pulsvarmere i Hifa sitt garn og mønster, desse har ikkje nokon bestemt mottaker så dei ligg eg i lageret:)) greit å ha litt på lur:))



fredag 17. januar 2014

Guttejakke


Ja no er eg ferdig med den tredje jakka som har lagt sidan sommaren, jammen er det godt å få den ferdig:))denne er strikka i duo og mønsteret er Sandnes barnemix Nr 1303. Då er det ikkje så mange ufoer igjen, kanskje litt småarbeid men men.....eg har arbeidshelg så må snart gjere meg klar til å gå på nattevakt, God helg til alle sammen:))




mandag 13. januar 2014

Jakke


Her går det i ferdigstilling av jakker, denne var strikka i sommar og no har eg strikka kantar og sydd i knapper.... Heldt no på med jakke Nr 3 som må gjerast ferdig:) denne er strikka i Sandnes tynn mini alpakka og Sandnes mønster, husker ikkje i farten kva hefte. Kjekt å verta ferdig med arbeid som ligg:))





lørdag 11. januar 2014

Sinnasaujakke


Endelig ferdig med Sinnasaujakka mi ! Det er lenge sidan eg begynte på den men så vart den lagt til side, det var vel noko anna som var meir spennande akkurat då :) men no er den ferdig og tatt i bruk, liker den veldig godt, så den vert nok brukt mykje.... Strikka i Kauni, mønsteret er det Ann Myhre som har laga. Skulle vel vore bilde med jakka på men hadde ikkje fotograf så då vart det slik!! Fortsatt god lørdag til alle sammen:))