fredag 31. desember 2010

Babystrikk

Ja her er det litt meir heimestrikka julegaver som blei gitt vekk til jul, desse var det dei to minste i familien som fekk. Det øverste settet er strikka i lanett(trur eg), mønsteret til buksa er satt saman av litt ulike mønster. Lua er frå nøstebarn og sokkane litt fri fantasi med utgangspunkt i drops sitt mønster.
Dette settet her er strikka i sandnes sin alpakka, mønsteret til jakken er henta frå sandnes sitt hefte 1010 og skulle strikkast i kashmir alpakka.Lua og sokkane er av same sort som bilde over. Fargane er ikkje heilt riktige, det som ser kvitt ut her er lys rosa i virkeligheten. Ja no er vi komen til årets siste dag og det er på tide å ynskje alle eit GODT NYTTÅR OG TAKKE FOR DET GAMLE!! Værgudane er ikkje heilt med oss i dag, for ute er det grått og regn:( Men det er no eit fint vær til å kose seg inne... Ha ei flott nyttårsfeiring alle sammen:))

mandag 27. desember 2010

Heimestrikka julegaver

Hallo og fortsatt God Romjul til deke alle. Her har det vore ei fin men travel julehelg, så bloggeing og bloggbesøk hos andre har det ikkje vore tid til:) Eg har jobba heile julehelga og då vert det ikkje rom for så mykje anna men så ser eg fram til nyttårshelga med tre fridager, herlig.... Så vil eg jo vise fram litt heimelaga julegaver, øverst her er det puls og leggvarmere frå Sandnes sitt tilbehørshefte, det er strikka i alpakka og var til barnebarnet på 5 år.
Så er det ei monsterbukse som er strikka i falk, mønsteret fann eg på bloggen til Du bedåre. Så strikka eg eit par små votter av restegarnet og dette var det vesleguten på snart 2 år som fekk.
Tilslutt her er det jo tovavotter igjen, det er votter som er strikka på bestilling og låg under andre sine juletre. Har litt fleire gaver som eg vil visa i seinare innlegg. Vi har eit fantastisk vær denne jula, kaldt men med sol og vindstille, synest det er heilt supert.. Ynskjer alle saman ein flott dag:))

søndag 12. desember 2010

Engler i snøen

Ja her er resultatet frå englelaginga mi, vart egentlig ganske fornøyd med dei. Det er jo første prøven for meg med glasskjæring. Litt rart med rødt hovud på den blåe engelen men eg veit ikkje kva som skjedde under brenninga.. Eg hadde nemlig brukt blankt glass med litt blåskjær i og når den kom ut av ovnen var den blitt raud.
Blei nok mest fornøyd med denne her, dei er jo finare når dei heng oppe, helst i eit vindauga!! No er det under to veker til julaftan, utruleg kor fort tida går!! Så no er det vel berre å skunde seg og komme i gang med dei siste juleforberedelsane.... men det er no litt tid igjen enno!! Ha ein fin og god adventssøndag:))

onsdag 8. desember 2010

Lue og pulsvarmere

Hei. Ja no har eg strikka lue og pulsvarmere til eldste barnebarnet som snart vert 12 år, ho skal få det i lag med bursdagsgave. Mønsteret og farge har ho fått valgt sjølv. Lua er strikka i dobbel tynn alpakka frå sandnes og mønsteret frå hefte 1010. På pulsvarmerene har eg brukt vanlig sandnes alpakka og mønster frå temahefte 22 sandnes tilbehør. Så får eg håpe at det passer og fell i smak.
Det vart eit utebilde og eit innebilde, litt artig å sjå kor ulike bilda vert om ein tek dei ute eller inne. Fortsatt full vinter her , i dag laver snøen ned og det er skikkelig julestemning. Elles så går det mest i jobb og strikking her hos meg, har litt eg skal ha ferdig til jul, litt seint ute kansje...... Skal på jobb i ettermiddag så då gjeld det å nytte formiddagen til å få ferdig saker og ting! No hørest det sikkert ut som om at eg stresser fælt men det gjer eg ikkje, eg koser med med alle førjulssysslane mine!! Ha ein fin dag:))

mandag 6. desember 2010

Labber

Eit lite labbeinnlegg atter ein gang, det er jo høysesong for labber no. Dei rosa har eg strikka mange ganger før og mønsteret er fortsatt frå boka Myk start og garnet er baby merino ekstra fine. Dei blå er berre heilt vanlege labber strikka etter hodet og har brukt Regia silk garn. Har ikkje brukt Regia silk garnet før, synest det var eit veldig godt og mjukt garn. Som de ser så har vi vinter med snø og det er mange kuldegrader så no er det godt med varme labber! Elles så er det travle dager med jobbing, julegaver og anna" julestyr", i går var eg hos naboen og laga glassengler. Dei er ikkje ferdig brent enno så er jo ikkje sikker på resultatet, vert spennande å sjå når dei kjem ut av ovnen. Skal visa bilde seinare viss dei vert vellykka:)) Ynskjer alle ei fortsatt fin og god adventstid:))

mandag 29. november 2010

Julemesse

Her er eit bilde frå årets julemesse, det er min datter som set og sel her. Det var masse folk og salget gjekk godt, så eg synest det var ei vellykka messe. Så no er det julegaver på pinnane så det vert ikkje så mykje å vise fram her enno.Ynskjer alle ei fin veke:))

onsdag 24. november 2010

Votter og nisser

Hei. Ja her kjem fleire kjenninger, nemlig tova vottene mine som eg har strikka veldig mange av og som har vore i bloggen min mange ganger før.
Så nisser det seg til her hos meg, synest det er kjekt å ha med nokre nisser når eg skal på messe. Ikkje at det er så veldig rift om nissene men eg synest det er så koselig med litt nisser innimellom votter og labber. Vert no alltid kvitt dei i etterkant, fine små gaver:)

Det er vel det øverste bildet som har dei rette fargane men synest det var litt greie når dei klatra i trærene. Vi har eit nydelig vær her på vestlandet for tida, kaldt og strålande sol iallefall akkurat no!! Skal til bergen på besøk til ei venninne i kveld og det vert veldig kjekt! Trur kansje eg reiser litt tidligre og stikk innom til min datter og! Så vil eg ynskja alle sammen ein fin dag:))

mandag 22. november 2010

Labber

Dette er eit reint labbeinnlegg, det vert ein del av det her hos meg. Liker igrunnen godt å strikke labber, øverst er det eit par barnesokker i ca str 29-30 strikka i Viking sportsragg på pinne 3,5.Har tatt utgangspunkt i epletreets snurrige sokker og laga det om til barnesokker.
Så er det gjengangerene mine då, dei treng eg vel ikkje sei så mykje om, ikkje anna enn at eg liker å strikke dei men det er vel soleklart sidan eg strikker så mange slike. Desse para skal vere med på julemesse, elles så strikker eg ein del slike på bestilling. Ha ein finfin kveld:))

torsdag 18. november 2010

Julekuler

Ja no har eg kasta meg på bølgen med julekulestrikk, har nok blitt påvirka av å sjå alle julekulene inne på diverse blogger. Eg synest det var veldig kjekt å strikke dei så her vert det nok laga fleire.... Dei er jo sjølvsagt strikka etter Arne&Carlos sitt mønster, desse tre øverste er strikka i tynn alpakka frå dsa. Garn eg har hatt liggjande ei stund og ikkje visst heilt kva eg skulle bruke til.
Den nederste her er den første eg laga og den er strikka i tove garn, veit ikkje heilt kva garn eg synest blei finast... Den første eg strikka er allerede gitt vekk. No skal eg ha ei veke ferie og det er godt å tenke på, kanksje eg kan få unna litt julestyr.... skal iallefall få vaska og pynta litt til advent og så kanskje strikka litt eller masse?? God kveld ønsker eg alle sammen:))

lørdag 13. november 2010

Nisser


Ja no ser det ut til at Jula nærmer seg, eg har no iallefall starta julenisseproduksjonen. No hørest det ut som om at eg er tenkt å lage mange nisser men det veit eg no ikkje om det vert. Men eg pleier alltid å lage litt sånnt "julepøø" , liker nisser eg! Desse er strikka etter mønster frå KK sitt julehefte frå 2003, har strikka dei ein gang før. Har brukt pt 3 garn til nissane og tove garn til hår og skjegg.
Sjølve nissane er raske å strikke men så er det no litt styr å montere dei for ikkje å snakke om hår og skjegg... Det er strikka i løkkestrikk og det plundra eg fælt for å få til!! Men no er dei ferdige og eg vart ganske fornøyd med dei:) Då gjenstår det berre å ønske alle ei riktig så god helg!

torsdag 11. november 2010

Lue og votter

Har strikka ei lita lue og små votter i str 3-6mnd, mønsteret er henta frå Du store Alpakka sitt hefte Strikk til baby.
Har strikka i Mirasol og hekla kant i faerytale det var eit kjekt og raskt strikkeprosjekt. Garnet er henta frå garnlageret mitt, mirasolnøstet kjøpte eg for lenge sidan for eg hadde lyst til å prøve det. Faerytalen var ein rest etter pulsvarmere eg hekla for lenge sidan.
Så no gjenstår det å sjå om det er nokon av "smågulla" mine som kan bruke det, trur kansje det er passe til den nest minste... Viss ikkje så veks no minste jenta i det. Det er gøy å strikke slike småplagg men eg har ikkje alltid vore heldig med størrelse og passform på luer!! Her hos oss er det surt og kaldt i dag, rundt 0 grader, overskya og vind så det er godt å sitje inne med strikkepinnane:)) Vil få takke for koselige kommentarer, alltid kjekt å få respons på arbeidet sitt.... Ha ein fin dag:))

lørdag 6. november 2010

Småtøfler

Ja i går skjedde det då vart eg Bestemor til ei flott lita jente,nr 5 i rekken av barnebarn. I går kveld var vi på klinikken og såg vesletulla, ho var så skjønn og god og alt var vel både med mor og barn:))Og då passer det vel bra med nokre små tøfler, strikka i tynn alpakka som er restegarn eg har hatt liggjande. Mønsteret fann eg i Strikk til baby, hefte frå du store alpakka.
Så er det eit par leggiser til bestemorjenta på 5 år, ho ringte og ga beskjed om at ho trengte leggvarmere og då måtte eg jo skynde meg å strikke!! Ho fyller fem år i dag så då vert det leggingser i lag med gaven. No heldt eg på å bake kake for når mammaen er på klinikken så må vi andre hjelpe til litt med bakst for bursdagsbesøk skal det bli likevell!! No skal vi snart avgårde i besøk så eg får skunde meg, ynskjer deke ei god helg:))

mandag 1. november 2010

Tøfler

Hei,hei! No har eg hekla eit par tøfler etter mirre virre sitt mønster, har hekla dei i dobbelt Tove garn på heklenål nr 5.Det er eit godt mønster å hekle etter, dei vart vel ca str 39 .Eg synest det tover litt mindre når eg har hekla enn når det er strikk, er det slik eller er det berre eg som synest det? Ha ein fin mandagskveld alle sammen:))

onsdag 27. oktober 2010

Nøstebarntrøyer



Har strikka to ulltrøyer, mønster frå nøstebarn og garn frå samme plass. Den lyseblå er ca str 2 år og den skal Hermanngutten ha, den raude er litt mindre og har ingen bestemt mottaker og vert lagt på vent. Skal på arbeid i morgon tidleg men så er det tre dager fri og det vert godt. Skal til Voss med jobben og eta smalahove, det kan verta artig. Ute blæs og regner det, hausten er komen for alvor no.. Ha ei fortsatt fin veke:))

fredag 22. oktober 2010

Votter og sokker

Har strikka eit lite par selbuvotter, ikkje heilt sikker men dei er vel ca 2-3 års str. Strikka dei i smart og mønsteret er frå eit gammalt sandnes sitt julehefte.
Så kjem dei velkjente russesokkane mine, har strikka mange slike par. Vert liksom ikkje lei av å strikke slike og det er alltid nokon som vil ha dei. Det vert nok fleire slike å sjå her i bloggen min for eg heldt på å forberede meg til å vere med på julemesse. Så ein liten værrapport: Her er snø og kaldt, synest det er litt tidleg med snø men den kjem no likevel!! Skal ha arbeidshelg så eg håper ikkje veiane vert så ille, har nemlig 3 mil å kjøre kvar vei.... Har no fått på nye vinterdekk i dag så då går det vel fint! Ynskjer deke ei finfin helg:))

lørdag 16. oktober 2010

Labber

Hei og hå ! No er det laurdag, eg har fri og det er nydelig vær ute, kan det verta betre? Her kjem eit lite labbe innlegg igjen. Dei mønstrete sokkane er strikka etter epletreets snurrige sokker mønster og i viking sportsragg, synest det er eit veldig godt garn å strikke med men er ikkje heilt sikker på korleis det er i bruk... Det andre paret er vanelige tjukkesokker strikka i mor aase raggegarn, synest det er hardt og litt tungt å strikke med men har ein del slikt garn som eg må få brukt litt av!! No må eg skynde meg å få ordne litt i huset for så å komme meg ut ein tur i finværet. Ha ei flott helg alle sammen:))

torsdag 14. oktober 2010

Restevotter

No har eg prøvd å få brukt opp litt av det tynne "tove" garnet mitt, det er ein blanding av finull, tove og pt2 garn.
Har strikka 2 par i jentefarger og 2 par i guttefarger i litt ulike str. treng no nokre små hender å prøve dei på for å bestemme str. Det er vel kansje feil betegnegnelse å kalle det for jente og guttefarger, men så er eg vel kansje litt gammeldags der:)
Har tatt utgangspunkt i oppskrift som står i Nøstebarnboka, det gjekk fort å strikke dei og veldig kjekt å få brukt litt av garnet eg har liggjande. I dag har vi hatt ein fin dag med opphold og fint vær sjølv om det begynner å verte litt kaldt! Takk for hyggelige kommentarer:))

søndag 10. oktober 2010

Tova votter og tøfler

Hei, hei og god søndag . No er votteproduksjonen i full gang , desse vottane er velkjent her hos meg har laga mange slike par før og fleire vert det nok!! Dei er strikka i finull og pynta med canto.
Så eit par tøfler som er strikka i fritidsgarn, og tova i maskin på 50 grader. I dag viser vestlandet seg frå si beste side med sol og fint vær, vi treng litt godvær før vinteren set inn for alvor!! Har smårollinger på besøk i helga og då er det jo ekstra kjekt med litt godt vær. Ha ein fortsatt fin søndag og god vekestart i morgon:))

mandag 4. oktober 2010

pulsvarmere

Har strikka to par pulsvarmere frå du store alpakka si bok/hefte strikk og bruk. Dei er strikka i Sterk garnet på pinne 3,5, har strikka slike før og synest dei er kjekk å strikke og gode i bruk.
Det vart litt ulik farge på dei lilla men det er nok det øverste bilde som er mest riktig i fargen.Har hatt arbeidshelg denne helga så no er det fridag, herlig!! Ute er det skikkelig ruskevær med øs pøs regn så i dag trur eg at eg skal kose meg inne i sofakroken. Det er jo skikkelig strikkevær , ein fin dag ynskjer eg deke alle:))

lørdag 25. september 2010

Lue

I dag har vi hatt eit nydelig vær her i vest og då passa det fint å få tatt utebilder, har til og med sete ute å strikka i dag:) Har strikka Intuitive lue til store jenta mi (eldste barnebarnet), såg denne lua på Kristines blogg og synest den var så fin. Har strikka den i Silkroad DK Tweed og blanda i ein sølvtråd men den vises ikkje her på bilde. Har ikkje brukt dette garnet før men synest det var veldig godt å strikke med:)
Så har eg strikka to nye kjøkkenkluter i Gjestal bommul sport, desse har vore ferdige ei stund berre mangla fastmaskekanten rundt og det fekk eg gjort ute i sola i dag.Ynskjer alle ein fin laurdagskveld:))

mandag 20. september 2010

Hentesett

Har strikka hentesett til den vesle som skal koma om vel ein månad. Det er strikka i Sisu og mønsteret på jakke og bukse er frå boka Myk start , lua er lettstrikka lue frå Strikk til nøstebarn.
Babyborn fekk vera modell for lua, den er litt romsleg til den så eg håper den kan passe ein nyfødt. Strikka den i str. 0-3 mnd så den bør passe, viss ikkje må bestemor strikke ny:)
Jakka bar navnet gammeldags omslagstrøye jakka og buksa er også i str 0-3 mnd.
Så mangler det berre å strikke labber men nok ein gang gjekk eg tom for garn og dei var utsolgt på garnbutikken:( Så då er det ikkje anna å gjere enn å vente til dei får inn nytt.Har brukt nøytral farge som passer til både jente og gutt då vi ikkje veit kva som kjem.... Vil få ynskje alle ei fortsatt god veke:))

mandag 13. september 2010

Bestemorteppe

Hei. Her har ikkje vore så mykje verken strikking eller blogging i det siste, har vore opptatt med bursdagsfeiring, tur og barnedåp!Men no har eg fått strikka ferdig teppe til det nye barnebarnet som er venta til verden i månedskiftet oktober/november.
Har brukt bestemorteppe mønsteret frå boka Myk start og har strikka det i mini duett, det vart mjukt og godt. Har strikka eit slikt teppe før men den gangen i alpakka, det vart fort stygt i vask:)Forrige onsdag reiste vi på storbyferie til Riga, vi hadde nokre flotte dager der..
Her set damen og koser seg i sola med ein kaffe latte og livet er herlig:))Var heime igjen seint laurdagskvelden og søndag var det vesle Selma som skulle døypast. Vi hadde ein fin dag i lag med familien ,masse god mat og sosialt samvær:))Så må eg få takke for alle koselige helsinger på forrige innlegg, ha ein god kveld!!