mandag 21. november 2011

Tova votter + luer

Hei. Ja no er det på tide med eit lite livstegn frå meg. Øverst er det luer eg har strikka i tjukt garn, kan ikkje huske i farten kva garn, den brune er Arne og Carlos mønster og den raude er frå epla si julebok.
Så ein liten bukett med tovavotter som er strikka i finull, liker det garnet veldig godt! Dette blei berre eit innlegg i full fart for no skal eg på jobb, ha ein god dag:))

tirsdag 8. november 2011

Pulsvarmere

Har sett desse pulsvarmerene rundt om på forskjellige blogger og vart frista til å strikke dei. Mønsteret heiter Alligator pulsvarmere og eg har strikka dei i Royal Alpakka frå Dalegarn og brukt pinne nr 3,5. Eit utrulig mjukt og godt garn og godt å strikke med, vart ganske fornøyd med resultatet. Kjem til å legge dei ut i eplabutikken min, elles vert det ikkje lagt ut så mykje der no for no er det julemessa eg tenker mest på... Ha ein god dag:))

søndag 6. november 2011

Strikkeluer

Hei. Ja det er ikkje så mykje aktivitet her på bloggen min no for tida , men det er ikkje for at eg ikkje strikker.... Pinnane går jamt og trutt så snart eg har ein sjangs og noko forsvinn ut av huset uten å koma i bloggen:) Har no laga to luer frå bladet M by M, har strikka dei i dobbel freestyle då eg ikkje fekk tak i det garnet som skulle brukast. Begge luene er strikka i lilla, lys og mørk men på bilde blei dei blå... No ser det ut til at første linja her vart blå og men det får så vere!! Den eine lua er allerede gitt vekk i bursdagsgave, var i besøk til to av barnebarna i går nemlig i 1 og 6 års dag. Koselig med besøk for dei små:) God søndag til alle som titter inn her:))