mandag 29. juni 2009

Julisokkane

Berre eit bitte lite innlegg denne gongen,nemlig babysokkane som var julioppgåva i sokkealongen. Det er tubesokker frå Drops, har strikka dei i Inca Alpakka på pinne nr3. Ja eg veit at det ikkje er juli enno men sidan mønsteret vart lagt tidleg ut synest eg det var greit å få dei unna.
Skulle prøve å ta bilde på foten til veslegutt men han var ikkje så samarbeidsvillig:) Så bilde vart ikkje så bra men her er det no.

No er det mandag igjen, helga er over og Ferien har begynt, herlig..... Elles har det vore ei nydelig helg, værgudane har vist seg frå si beste side litt overskya i dag men veldig varmt! Har ingen bestemte planer for ferien, men ein liten tur håper eg no det vert!! Når været er som no er det supert berre å ha fri, ynskjer alle fine Sommerdager:-)

torsdag 25. juni 2009

Bestemor oppdatering

Ja no var det visst på sin plass med ei oppdatering av bestemorsrutene mine, som de ser så veks teppet litt etter litt. Har bestemt meg no for at det skal bli eit teppe:) Det kjem nok til å ta litt tid men pytt, pytt, berre det vert ferdig ein gang so!Etter mønsteret er det halvferdig no men det trur eg vert litt lite, har no fire rader med 12 ruter i kvar rad.Må sikkert ha ti rader viss det skal verta litt størrelse på det, elles vert det berre for smale folk:)
Blackrose socks! Så eit par labber igjen, strikka i silja på pinne nr3. Fann mønsteret på http://knitty.com/ISSUEwinter08/KSPATTblackrose.php Det var eit greit mønster og eg synest sokkane vart fine og passelige viss det er eg som skal ha dei, 25grader ute så dei får ligge på vent(forhåpentligvis lenge)




No har vi altså SOMMAR, det har vore ein nydelig dag ynskjer meg mange sånne dager !! Det er så herlig å kunne vere ute i sola heile dagen, men eg begynner ikkje på ferie før mandag så det vart no berre halve dagen i sola for meg. Men ein må vere glad for det som er, ha ei flott helg alle sammen:-)

søndag 21. juni 2009

Babylue

Ei lita lue som eg har laga til veslegutt, den er strikka i mandarin petit. Mønster frå boka Myk start men med små endringer. Brukte rester frå ein jakke eg strikka til han, den har eg vist i eit tidligre innlegg.
Så eit par russesokker med hjertemønster, mønsteret er frå eit pt hefte(veit ikkje kva nr.) Har brukt silja garn og pinner nr 3, har strikka mange par med russesokker før men aldri dette mønsteret.Vart ganske godt fornøyd med resultatet og dei var kjekk å strikke.Alltid gøy med litt variasjon i mønster.

No er det søndagskveld , har hatt frihelg og vore på besøk hos min datter og fam. Koselig å få vera i lag med både små og store. Ei veke att til ferie, gleder meg veldig:)

tirsdag 16. juni 2009

Junisokker

Endelig ferdig med junisokkane i sokkealongen, har streva med desse ei stund hadde ikkje heilt motivasjonen i orden. Har strikka dei i Sisu, "pynten" veit eg ikkje sikkert kva garn det var. Synest ikkje det lyse passa heilt men det var no det eg fann her heime(går jo an og bytte den).
Har holdt på å gi dei opp for eg likte dei ikkje, men er glad for at eg er ferdig no:)

Elles er her kald nordavind her hos oss og i morgon kjem regnet seier dei! Så er det nesten to veker igjen til ferie, nærmare bestemt 8 arbeidsdager gleder meg til å ha fri og sleppe å henge i stroppen!! Ha ei fortsatt fin veke:-)

lørdag 13. juni 2009

Grytekluter

Hei hei,her kjem ei lita oppdatering frå meg. Hadde så mykje restegarn att frå det forrige kjøkkensettet eg laga, så tenkte att eg måtte prøve å få brukt det opp.Så no har eg laga potteskjuler, grytekluter og oppvaskklut og då var det ikkje så mykje garn igjen. Dette var veldig artig å holde på med så det resulterte jo i att eg suste avgårde og kjøpte meir garn he he.

Så gjenstår det å sjå kva og kortid det vert noko av det. Elles så vil eg få ynskja deke ei fin helg med masse sol og fint vær:-)

mandag 8. juni 2009

Februarjakke

No har eg endelig strikka eit plagg til meg sjølv etter gammalt, den såkalla Februarjakken.Den er strikka i Silke-Tweed, garnet kjøpte eg når det var salg hos Drops.Mønsteret fann eg på nettet etter henvisning frå knitgirl, såg jakken på bloggen hennar:ullent eventyr.



Var veldig spent på størrelsen då eg hadde heilt feil garn, men som de ser vart den passe:)

Det var ein kjekk jakke å strikke,starta frå toppen og ned .Så når jakken var ferdig strikka var det berre å feste nokre tråder og sy i knapper og vips så var den klar til bruk.Hullmønsteret var enkelt og greit, men det har tatt litt tid for eg har hatt andre småprosjekt på gang innimellom.
Elles så har vi hatt nokså fine dager her i vest, i dag skin sola og temperaturen er ganske bra men litt kald vind. Så må eg få takke for koselege kommentarer, det er koselig og inspirerande å få tilbakemeldinger på arbeidet sitt. Ha ei flott veke alle sammen:-)

tirsdag 2. juni 2009

Kjøkkensett

Har strikka eit kjøkkensett beståande av handkle, oppvaskklut og grytekluter. Tenkte dette skulle vere ein bursdagsgave, håper den faller i smak! Har brukt petunia garn frå pt.og mønster derifrå.Og no er Pinsen over og då er det slutt på dei ekstra fridagane for denne gang, men det har vore ei flott helg med nydelig vær. Har vore bestemor på heiltid i helga så vi har kosa oss masse ute i det fine været,ha ei flott veke alle sammen:)