mandag 26. mars 2012

Tova tøfler

Hei. Kansje ikkje rette tida til å strikke tøfler men det kan vel fortsatt vere bruk for noko varmt på beina. Viss ikkje får eg ha dei på kistebotn til neste sesong:) Dei var iallefall veldig gøy å strikke og eg har allerede fleire par på gang.
Dei er strikka i finull frå skuffa med tynnt tovegarn, litt putle arbeid med broderinga og ikkje like lett å få det likt på begge tøflane...... Men pytt sann det gjer vel ikkje så mykje, vart no sånn nokolund fornøyd.
Denne helga hadde vi eit nydelig vær, laurdagen vart brukt til å sitte ute i sola og strikke og søndagen var det turdag! I dag er det overskya og tåkete så vi får leve på den fine helga ei stund... Ynskjer alle ei finfin veke:))

tirsdag 20. mars 2012

Kjoler

Så har det blitt fleire prikkekjoler, samme modell og mønster som den forrige. Den lilla er strikka i eit nytt garn som heiter vipe, spennande å sjå korleis det er i bruk.
Då har det blitt kjoler til dei tre minste barnebarna, vert kjekt å få sjå dei i bruk:)) Den ein av dei rosa kjolane er den samme som i tidlegre innlegg.
Elles så venter eg på vår og fint vær, til no har det vore veldig mykje regn og ruskevær. Men foreløpig er det gode meldinger til helga så vi får leve i håpet:)) Fortsatt god og fin veke!

mandag 5. mars 2012

Luer

Hei. Her kjem to nye luer eg har strikka til to av mine små(barnebarn) Den øverste er strikka i Viking superwash og er str 6/8 år i fargane lilla, grønn og kvit. Ikkje så lett å få fram dei rette fargane på bilde. Og under her er det ei ny traktor lue då den forrige var forliten til han som den var tiltenkt. Den er strikka i smart og lagt til litt masker og litt fleire striper, tredje forsøk men dei seier vel at alle gode ting er tre:)) Iallefall så vart begge luene godt mottatt og allereie tatt i bruk!! Mønster til luene er henta frå Familien nr 2 2012.
Og no er vi komen til mars, det må vel vera vårmånad.... vi har no hatt fint vårvær i helga så får vi sjå kor lenge det varer. Har hatt to små gjester i helga så vi har kost oss i finværet!! Ynskjer deke alle saman ei flott veke:))