tirsdag 28. april 2009

Nåleputer

No har eg sett så mange fine nåleputer rundt om på forskjellige blogger at eg var nødt til å hekla slike eg og:) Har hekla dei i mandarin petit, det var eit kjekt arbeid som vart fort ferdig og det liker eg!! Kjem sikkert til å lage fleire slike, kjekt å ha sjølv og kjekt å gi vekk. Hadde ikkje så fine knapper som passa til fargane men såg at det var nokon som hadde hekla pynt og fann ut at det var tingen.
Elles så har vi nokså fint vær fortsatt og det er så deilig, ein vert rett og slett i godt humør . Det er til og med lettare å stå tidleg opp når sola skin! Så må eg få takke for alle koselege kommentarer her i bloggen min:-)

torsdag 23. april 2009

Tunika/kjole

Tunika med huller og struktur mønster, mønsteret er fra pt design nr 92 den er strikka i ein blanding av petunia og svale og er i str 4år. Den skal vera til veslejenta, ho liker godt å gå i kjole og bestemor liker å strikke. Den var kjekk og snar å strikke,liker når det er litt mønsterstrikk synest på ein måte det går litt fortare då. Visste ikkje heilt kor eg skulle fotografere den, så den endte på vedstabelen eg driv med litt vedkløyving og:) Har fridag i dag for eg skal jobbe i helga, så no skal eg til min søster å bake kransekake. Elles skal eg nyte fridagen min med å berre gjere ting eg har lyst til!! Ha ein flott dag:-)

søndag 19. april 2009

Sokker

Enda eit sokkepar gir meg ikkje med det eg, har alltid eit sokkepar på pinnane. Desse er strikka i silja og mønsteret er frå boka Folk knitting in Estonia. Opprinnelig er dette Ilmar`s socks herresokker som er blitt damesokker, dei er nok strikka i mykje tynnare tråd på mønsteret så eg måtte ta ein del masker mindre. Og det vart ganske mange masker for å få det til å stemme, derfor damesokker, veldig mykje fint i denne boka. Vart frista til innkjøp av den etter at eg hadde sett det fine Tino hadde strikka:)Her får eg og vist fram ein av koppane som eg er så glad i, dei er laga av keramikaren Liv Sundal ho lager så mykje fin keramikk!

Vi har atter ein fin dag her på vestlandet, det er så deilig no når våren er komen.Det er om å gjera å vera ute å nyta dei fine dagane me får:-) Ha ein flott dag alle sammen!

mandag 13. april 2009

Lue og sjal

Har strikka eit sett med lue og sjal til storejenta mi. Det er strikka i pt5 og plumet, mønster er fra pt design nr 88. På mønsteret er det laga blomster på kvar ende av sjalet men eg er litt i tvil på om det vert litt voldsomt, må iallefall prøve det på først og sjå. Det er vel kansje litt seint i sesongen å strikke slikt men det kjem jo ein ny vinter og då er det godt å ha litt varmt tøy på lur:)Må kansje strikke eit sett til for det var ei lita ei og som ville ha ! Det var mønster på jakke som dette hørte til så det spørs om eg må lage den , men har så masse strikkeplaner at det spørs om tida strekk til, må jo liksom jobbe litt og:)
Eg er nemlig nesten klar til å gå på jobb no,ha ein fortsatt fin dag!!

onsdag 8. april 2009

Tunika

Har strikka tunika til barnebarnet mitt som er 3 år, den er strikka i falk etter pt design sitt mønster (hefte nr 88). Skulle egentlig vore brukt pt5 garn men når det var utsolgt måtte eg ta noko anna:)Veslejenta vart no fornøyd, den vart tatt i bruk med ein gong.
Strikka vinveske i fritidsgarn, denne var kjekk og snar å strikke men litt putleri med pyntinga:)

No er nok fridagane mine over for denne gang, i morgon venter jobben igjen. Men har kost meg masse no når eg har hatt fri:)Vil ynskja alle ein riktig god påske enten ein har fri eller skal jobbe!!

lørdag 4. april 2009

Aprilsokker

Her kjem aprilsokkane mine, eg valgte ein kjapp variant denne gangen. Strikka i dobbel fabel, mønster finner du her
Dei er strikka i str 35/37 så eg finn vel ein liten fot som dei passer til:)

Har tatt bilde av eit vognteppe eg hekla når min datter fekk sin førstefødte.

Takk for alle kjekke kommentarer som eg har fått, det er så koselig å få respons på tinga ein lager. Ha ein fin laurdagskveld alle sammen:)

torsdag 2. april 2009

Fanakofte

Fanakofte strikket i Sisu str 12 år, denne er det storejenta (eldste barnebarnet) som skal få.Det er ei stund sidan den blei påbegynt, men så synest eg den vart så stor, den holdt på å ende opp som ufo:) Men no er eg endelig ferdig og ho kan få den når ho kjem heim til påske. Utrulig kva ein får gjort når ein har fri...

Det er deilig å ha ei ferieveke,har mangla det fine veret men har kost meg likevel og enda er det nokre dager igjen:) Ha ein fortsatt fin dag!!