lørdag 30. april 2011

Jentevest

Hei. Eit lite innlegg frå meg i finværet, egentlig alt for fint vær til å sitte med dataen..... men skal snart ut i sola før eg må suse avgårde på jobb:( Eg synest det vert kortare og kortare tid mellom arbeidshelgene, hm kan det ha med alder å gjere? Nei trur bestemt ikkje det:)
Iallefall har eg strikka ein liten vest, jentevest denne gongen. Fann eit mønster i eit blad, trur det var hjemmet og denne gangen har eg berre brukt restegarn:)) Hadde så masse rester av Mandarin petit , ikkje akkurat fargane som var brukt på mønsteret men tok no det eg hadde og synest resultatet vart brukbart.Veldig kjekt å få brukt litt rester! Nei no venter sola på meg, GOD HELG:=))

onsdag 27. april 2011

Guttevest

Hei og vel overstått Påske. Har no redda denne vesten frå å bli ein evig ufo, den har lagt sidan i fjor haust... Hadde strikka til under armane så det var jo ikkje så mykje som sto igjen, men no er den endelig ferdig og avlevert til vesleguten som skulle ha den! Kansje ikkje det mest heldige bilde men det vart tatt i full fart før eg skulle gi den vekk. Her viser værgudane seg frå si beste side så no har eg sete ute i sola å strikka... herlig!! God kveld til alle som stikker innom:))

fredag 22. april 2011

Bomullsjakker

Hei. Endelig eit lite livstegn her hos meg, det er travle tider... Men no har eg fått ferdig bomullsjakker til dei to minste jentene i familien. Mønster er henta frå sandnes sitt hefte Mandarin baby og dei er strikka i mandarin petit.
No er Vår og Påskeværet komen her i vest og det er jammen godt!! Det skal bli godt med nokre fri dager (3) og få nyte påskefreden og finværet!! Får håpe det varer nokre dager!! Så ønsker eg ei God Påske til alle mann:))

søndag 10. april 2011

Litt småtteri

Berre eit lite innlegg i full fart før eg skal gå på jobb. Har hekla cupcake etter mønster som eg fann i eit sandneshefte. Har sett ein del cupcakes rundt om på bloggane i det siste og eg synest dei er så søte:) Veit ikkje om den vart heilt slik som den skulle men ikkje så verst likevel... Har planer om at det skal vera ein "tullegave":))
Så eit par tøfler igjen, det var nokon som hadde så lyst på slike og då er det berre å ta pinnane fatt.. Dei er strikka i pt5, synest det er eit veldig godt garn! I dag er det vår her i vest, ikkje noko særleg med sol enno men mildt og fint vårvær:) Håper de alle har ein finfin søndag!

torsdag 7. april 2011

Babyteppe

Jippi no er eg endelig ferdig med teppet, har holdt på med det ganske lenge... har liksom hatt så god tid og no på slutten har eg vore litt lei!! Men må no innrømme at eg synest det vart fint. Mønster frå Sandnes sitt temahefte nr 21, har brukt tynn alpakka og ferdige mål er ca 95 cm x 75 cm.
Babyen er venta om ca ein måndes tid så då er det greit å vere ferdig med det no så eg får gitt det i frå meg. Tida går jo så fryktelig fort og plutselig er det mai, gleder meg til det vert litt vårlig her hos oss!! Ha ein fortsatt fin kveld:))

lørdag 2. april 2011

Heklejakke og lue

Har hekla eit lite sett med jakke og lue i mandarin petit. Mønster frå sandnes sitt hefte barn 0506, har hekla det i str 0-3 mnd.dette var gøy arbeid og det gjekk fort...
No heldt eg på med eit teppe til samme tullemora, har holdt på med det ei stund men no er eg snart ferdig... trur eg:)) Ute er det nesten 10 grader i dag men det er eit skikkelig grisevær likevell, med regn og vind, ja ja det er no fint handarbeidsvær!! Håper de alle får ein fin og god laurdagskveld:))