onsdag 31. mars 2010

Hønemor

Hei, hei! No har hønemor komen og kan passe på alle sine små og det har visst vore familieforøkelse. Vil sei at familien er komplett no med mor og seks små..
Vil med desse bilda få ynskje alle her i bloggverden ein riktig så fin Påske for no er det Påskefriiiii :=)

mandag 29. mars 2010

Topp og bolero 2

Har strikka topp og bolero til storejenta mi, det er strikka i Lerke og mønsteret er frå Dalegarn sitt hefte nr 212. Det er det samme som eg strikka til veslejenta berre eg har brukt svart istaden for rosa på boleroen. Sidan eigaren ikkje er tilstades måtte det verta bilde utan ho, gleder meg til ho kjem på påskeferie så ho får prøva det på. Håper det passer og at det fell i smak! Værgudane viser seg ikkje frå si beste side, her er nemlig vått, kaldt og grått i dag. Håper på litt betre vær i løpet av påsken men ein må no berre ta det som kjem. Det er no fint vær til å vere inne i... Ha ein fin dag:))

søndag 21. mars 2010

Påskekyllinger

Eit bittelite innlegg her frå meg, nemlig fire små påskekyllinger som eg har laga i helga. Det går litt tregt å få ferdig noko for tida, har fleire prosjekt på gang men litt problem å få dei ferdig. Då er det kjekt med litt småstrikk innimellom og kva passa vel betre no enn nokre kyllinger... Dei skulle jo hatt hønemor til å passe på seg og kven veit kansje ho kjem. Dei er strikka i rester av finull og tove og mønsteret er henta frå boka Krymp av Birte Aartun. No er klokka blitt masse og i morgon er det ei ny veke og atter ein arbeidsdag så her er det best å komme seg til køys. Vil få ynskje alle ei fin veke og god natt:))

lørdag 13. mars 2010

Topp og Bolero

Hei. Her er bilde av veslejenta i ny topp/tunika og bolero, strikka i Lerke på pinne 3,5. Mønsteret er henta frå Dalegarn sitt hefte nr212. Lerke er eit nydelig garn å strikke i og det er mjukt og godt, ingen kløing her!!
Ho blei veldig fornøyd og tok det i bruk med ein gang.
No har eg starta på eit slikt "sett" til storejenta mi og, berre i litt andre farger. No er det atter helg eg har fri, deilig!!! Er i Bergen på besøk hos min datter med familie, koselig. Så står det igjen å ynskje alle ein finfin laurdagskveld:))

torsdag 4. mars 2010

Fiona`s topp

Her har Fiona's topp blitt til Aurora's kjole, mønsteret er laga av Sanne Bjerregård og er å få kjøpt her hos Pinnsvin design. Har strikka den i Tvinni Tweed frå Isager, dette er eit garn av merino lammeull, godt å strikke med. Har strikka den i str 4år men då dette var ein topp har eg forlenga den ganske mykje. Veslejenta er blitt så glad i å gå med kjole og då er det jo kjekt å strikke.
Det vart utebilder i dag for sola skin og det er eit nydelig vær. Det er fridagen min i dag så no trur eg at eg må ut å nyte fineværet. Har hørt rykte om at det snart slår over i vestlandsvær her hos oss, så då må ein nyta det mens ein kan:) Skal jobbe i helga og då er det veldig godt med ein fridag i forkant. Så vil eg ynskja alle sammen ei strålandes fin helg:=)