søndag 30. mai 2010

Multnomah 2

Hallo. Har strikka eit nytt Mutnomah sjal, denne gongen er det strikka i Inca Alpakka på pinne nr 5. Burde nok ha gått ned til pinne nr 4 for eg synest kansje det vart litt laust i strikket men no får det no berre vere sånn!
Her heng det no og vaier i vinden, er visst komen i sjal modus for tida for eg ser så mange fine sjal eg har lyst til å lage. I dag er det ein nydelig dag, sol og varmt ute så her er det berre å komme seg ut å nyte finværet så lenge det er her!! Skal på jobb i ettermiddag så det er best å få brukt timane før på best mulig måte:)) Takkar for hyggelige helsinger her hos meg og håper de får ein god dag:=)

mandag 24. mai 2010

Kjole

Hei, hei. Ja no er Pinsen snart over og kvardagen er her igjen , i morgon er det slutt på friheten:) Eg har brukt siste fridagen på å gjera ferdig kjole til vesle bestemorjenta mi. Den er strikka i opprekksgarn og diverse andre rester eg hadde liggjande. Strikka ein genser som ho skulle ha for lenge sidan, men den blei aldri montert så no rekkte eg den opp igjen og har brukt garnet til kjolen. Mønsteret er frå PT design sitt hefte nr 99, er glad eg har fått brukt opp garnet, har visst nok garn som ligg allikevel!
Det skulle egentlig vere silkeband i den men det hadde ikkje eg, så då vart det ei tvinna snor i staden. Så får vi sjå etterkvart om den vert bytta ut. Finværet har svikta oss denne helga men eg har no kosa meg med handarbeid istaden for sol:)) Ynskjer alle ei fin veke!

søndag 23. mai 2010

Babytrøye

Hei, her kjem litt nattblogging frå meg, har strikka ei bittelita babyjakke og lue. Mønster frå Dalegarn nr 218 strikkedesign til baby og den er strikka i Dale Baby Ull .
Så må eg få vise maskemarkørane som eg fekk i premie hos strikke-eos , som de ser er dei allerede tatt i bruk. Veldig fine og praktiske, har aldri brukt sånne før så tusen takk til strikke-eos!
Så gjenstår det å sende helsing om ei fortsatt strålande fin Pinsehelg til alle som titter innom!

lørdag 15. mai 2010

Multnomah

Har strikka Multnomah sjal, har hatt lyst til å strikke dette sjalet lenge men har ikkje funne ut kva garn eg skulle bruke. Men så vann eg dette fine garnet hos Mirre Virre og bestemte meg for å bruke det. Mønsteret såg eg for første gang inne hjå Trude´s hobbiter .
Det er første gang eg har strikka eit slikt sjal og det var kjekt, så det vert nok ikkje det siste... Har vore hos min datter med fam. i dag og kost meg med barnebarna, kjekt! Og no er det langhelg og 17 mai , så då vil eg få ynskja deke ei fin 17 mai feiring:))Håper værgudane er med oss, er så kjekt med fint vær ein sånn dag, spesielt for alle dei små:))

mandag 10. mai 2010

Ulltrøyer

Hei. Ja no er me allerede komen til 10mai og det er første oppdateringa mi i denne månaden, så det går ikkje så fort her hos meg . Men det strikkes jamnt og trutt likevel, eg strikker på litt forskjellig og då vert det ikkje så kjapt ferdig. Har strikka to nye små ulltrøyer begge strikka i to tråds ull frå nøstebarn og den lyse er i mønster fra nøstebarnboka. Den rosa har navnet livstykke og den fann eg link til mønster her i Vilma´s sin blogg. Kansje litt feil årstid å strikke ulltrøyer på men i dag våkna vi til kvit mark og 1 grad ute, så ein treng visst ull fortsatt. Men eg hadde no mest tenkt på neste sesong.
To nye kjøkken kluter har det blitt, er jo forbruksvare slike kluter. Synest dei er supre å bruke og det er det visst fleire som har oppdaga:)Klutane er strikka i Tuva på pinne nr 4. Ha ein fin dag alle sammen:))