tirsdag 29. januar 2013

Mariusgensere



Hei. Eg er nok ikkje så flittig med blogging men pinnane går i full fart. Her er gensere til tre av barnebarna,Den lilla er strikka i falk og er str. 10år, den rosa er strikka i Viking superwashog er i str. 4år. Og til sist den blåe som er marius med traktor, den er strikka i Viking superwash og er str. 6år. Så da er det berre å strikke videre må jo lage til dei andre og, kan ikkje gjere forskjell. Ha ein fin dag:))

søndag 13. januar 2013

Fanakofte


Her kjem ei julegave til, det er fanakofte strikka i str xs til eldste barnebarnet på 14 år. Den er strikka i sisu og vart akkurat passe til jenta. Trur den fallt i smak, den sto iallefall på ønskelista. Her har vi eit nydelig vær, kaldt og fint med sol. Ha ei finfin veke:))