torsdag 27. september 2012

Lyslykt

Endelig har eg fått lagd ei lyslykt, har lenge hatt lyst til det når eg har sett alle dei fine lyktene rundt om på diverse blogger!!Denne er hekla stort sett etter Tovepia sitt mønster og eg har brukt bomullsgarnet til gjesdal. Pynten er frå Nille, skulle berre kjøpe hjerter slik det var på modellen men det fann eg ikkje. Synest ikkje resultatet  vart så verst, den er allerede gitt vekk :)) No må eg avslutte her for eg skal snart på jobb:))

fredag 21. september 2012

Lue og votter.

Hei ! Her kjem lue og votter frå nøstebarnboka, har strikka dei i dobbel Rauma babygarn. Lua heldt vel ca str. 1-2 år, vottane skulle vere i samme str. men eg trur nok dei er blitt litt for store.... men det er vel nokon som kan bruke dei og. No skal eg snart gjere meg klar til å gå på jobb, har natthelg så det vert jobbing og soving denne helga. ( fordelen er at det vert litt strikketid)  Ynskjer deke ein fortsatt fin fredagskveld:))

tirsdag 18. september 2012

Mariussokker

Eg var så heldig at eg fekk den nye Mariusstrikkeboka til bursdagen min,  som var for litt sidan.  Her er det første som er strikka derifrå, nemlig tre par mariussokker. Det vart to par voksne labber og eit barnepar og det er allerede eit nytt par på pinnane:) Veldig kjekke å strikke og veldig mykje fint i boka, slikt liker ho mor å få!! Er no inne i ei travel arbeidsveke, først tre vakter no i starten av veka og så natthelg. Det positive med nattevakter er at det som regel er rom for litt strikking:)) Ha ei fortsatt fin veke!

onsdag 12. september 2012

Votter

Fann desse vottane på denne bloggen og synest dei såg så fine ut at eg fekk lyst til å lage slike eg og! Og då eg har masse restegarn som kunne brukast var det berre å setje i gang, foreløbig er det blitt tre par og eg ser ikkje vekk frå at det kan verta fleire:) Veldig kjekke å strikke og så godt å få bruke opp litt restegarn.... Men enno er det meir så det er berre å strikke i vei. Ha ein flott strikkekveld:)

mandag 10. september 2012

Daisy tunika

Hei. Her kjem bilder av Pickles sin Daisy tunika i to ulike størrelser, den minste i str 2-3år og den største i str 8-9 år.  Kjekke å strikke og ser fine ut men synest kansje ikkje dei blei like fine på..... men har no berre så vidt prøvd dei på så kansje dei kjem seg når dei vert brukt. Dei er no i allefall ferdige men ikkje overlevert enno. Ute er det blitt skikkelig haust ved vind og regn men det er fortsatt mildt ute, vi får ta med det positive som er:) Ynskjer slle ei finfin veke:))

lørdag 1. september 2012

Labber

Har strikka to par labber, det eine er jo det kjente russesokkmønsteret og det andre er eit mønster som eg trur heitte dotties. Russesokkane er  strikka i pt5 og er i str 41-43, dottisene er strikka i arwetta og skal holde str 38-40. Vi feira jo bryllup forrige helg og det gjekk veldig fint, brudeparet var nydelige både brud og brudgom! Ynskjer deke ein fortsatt fin laurdagskveld:))