torsdag 29. desember 2011

Tova votter

Hei. Velger å avslutte året her på bloggen min med bilder av det som eg har strikka mest av i det siste, nemlig tovavotter. Desse para har vore ferdig ei stund men ikkje blitt blogga som så mykje av anna eg har strikka i det siste. Julegavene er blitt gitt vekk uten at eg har huska å ta bilde av dei, får prøve å vere flinkare neste år:)Har ikkje vore heilt i strikkeform i det siste men kjenner at det kjem seg no, litt pause trengs vel innimellom....
Så da vil eg få ynskje alle eit riktig GODT NYTTÅR og takke for det gamle, " snakkes" neste ÅR:)

torsdag 22. desember 2011

Nisser

Hei. Med desse smånissane vil eg få ynskje alle her i bloggverden ei riktig så GOD JUL:)) Det har ikkje vore særleg aktivitet her på bloggen min den siste månaden, har strikka masse men noko er julegaver og andre ting har forsvunne ut av huset uten at dei er blitt foreviga! Nissane her har danske aner, har herma etter musses nisser. No skal desse nissane få vere pynt på barnebarnas julegaver, Juleklem frå meg:))

fredag 2. desember 2011

Tova votter

Her kjem det fleire tovavotter i barnestørrelse denne gangen. Var på julemesse forrige laurdag og var veldig fornøyd med resultatet. Og så fekk eg bestilling på fleire votter så no har pinnane gått og vottane er ferdige.
Ute er det eit forrykande vær, med blåst og regn men slik er det vel mykje godt på heile vestlandet:) Vil få ynskja alle ei finfin helg!