fredag 28. desember 2012

Strikka julegaver

Hei. Først vil eg få ønske alle ei fortsatt God Jul!  No er det klart for å vise fram litt heimelaga julegaver, først ut er Lark vest frå boka The bird collection by Helga Isager. Denne er det bestemorgutten min som har fått.
Så to mariustunikaer til to av jentebarnebarna , den eine er strikka i 4år og den andre er i 10 år.Mønsteret eg har brukt er frå mariusboka. Har ikkje fått sett dei på enno men håper dei er passelig.Får dei snart på besøk så da får eg vel  kansje sjå dei i bruk.
Eg har jobba ein del i jula men no er eg fri og skal ha det til 1 nyttårsdag, deilig med litt fri:))Ha ein fin og god dag alle sammen!!!

fredag 7. desember 2012

Pulsvarmere

 Her kjem eit lite knippe med pulsvarmere som eg har strikka, har vore ferdig nokre veker men har ikkje fått lagt dei ut før. Det øverste paret er strikka i royal alpakka og mønster frå eit dale hefte, strikka eit par til i lys beige men det forsvann før eg huska å forevige det.

Desse to para  er gamle kjenninger her på bloggen min, eg har det vel  med det å gjenta meg sjølv litt. Desse er strikka i sterk alpakka frå du store alpakka og mønsteret står i boka Strikk og bruk. Her har vi fint vintervær, sjølv om eg skulle ønske litt meir snø så vi kunne få bruke skia..... men synest likevel det er flott med  minusgrader, vindstille og sol:)) Vil få ønske alle ei finfin adventshelg !!

søndag 25. november 2012

Halser

Endelig eit bitte lite livstegn her på bloggen, lenge sidag sist. Veit ikkje kva som gjer at eg er så treg men det er no ikkje mangel på aktivitet med strikkepinnane. Er berre så vanskelig å få det ut her på bloggen...Her er no iallefall tre halser eg har laga, den kvite er strikka i merinoull og dei to andre i sterk garn. Kjapt og enkelt strikketøy og varme gode småplagg.Då ønsker eg deke ein fin søndag:))

onsdag 31. oktober 2012

Tova votter

Ja no er det julemessestrikking, her er ein bukett av dei vanlige vottane mine. Dei er strikka i finull, eit garn eg synest er heilt supert til toving! Mønsteret er berre i mitt eige hovud, pynten er filta på med canto garn før toving. Det er fortsatt tre veker til messa så det er berre å la pinnane gå, skal jo strikke litt julegaver innimellom. Ha ein fin og god dag:))

lørdag 13. oktober 2012

Lue og hals.

Her kjem eit lite sett eg har strikka i garn frå dsa. Halsen er strikka i sterk og lua i mirasol, mønsteret på lua fann eg på denne bloggen. Har planer om å strikke fleire av denne typen for dei var kjekk å strikke og eg blei fornøyd med resultatet. Eg synest DSA har flott garn, mjukt, varmt og godt !! Vergudane har vist  seg frå si beste side her på Vestlandet dei siste dagane og det liker vi:))  Ønsker alle som titter innom ei fortsatt finfin helg:=))

torsdag 27. september 2012

Lyslykt

Endelig har eg fått lagd ei lyslykt, har lenge hatt lyst til det når eg har sett alle dei fine lyktene rundt om på diverse blogger!!Denne er hekla stort sett etter Tovepia sitt mønster og eg har brukt bomullsgarnet til gjesdal. Pynten er frå Nille, skulle berre kjøpe hjerter slik det var på modellen men det fann eg ikkje. Synest ikkje resultatet  vart så verst, den er allerede gitt vekk :)) No må eg avslutte her for eg skal snart på jobb:))

fredag 21. september 2012

Lue og votter.

Hei ! Her kjem lue og votter frå nøstebarnboka, har strikka dei i dobbel Rauma babygarn. Lua heldt vel ca str. 1-2 år, vottane skulle vere i samme str. men eg trur nok dei er blitt litt for store.... men det er vel nokon som kan bruke dei og. No skal eg snart gjere meg klar til å gå på jobb, har natthelg så det vert jobbing og soving denne helga. ( fordelen er at det vert litt strikketid)  Ynskjer deke ein fortsatt fin fredagskveld:))