
Hei! Har strikka og tova engler som eg fann mønster på i bloggen Olavas verden, ho er så snill at ho deler mønster med oss! Mønsteret finn du
her.
Eg har strikka i ulikt garn, den eine er strikka i Viking naturgarn og den andre i dobbel finull frå Rauma. Skikkelig artig å strikke og pynte dei, prinsesse kronene mangler men dei kjem! Har strikka to til men har ikkje fått pynta dei enno, men dei er nok ferdig om ein dag eller to! Så vil eg få takke Olavas verden for mønsteret og anbefaler ein tur inn på bloggen hennar for der er mykje fint!!

Så er det enno eit par tova votter, gir meg ikkje med dei eg. Desse har eg gjort ein vri med pyntinga på , her har eg hekla små rundinger som eg har sydd på etter toving. To rundinger oppå votten og ein på undersida av tommelen.

Du og du kor eg " putler" på med denne strikkinga, men det er jo så kjekt!! God natt til deke og ei fortsatt god veke:=))