onsdag 12. august 2009

Russesokker

Hei! Har strikka to par russesokker igjen , det har blitt ganske mange slike par dei siste åra. Synest det er fine og gode sokker og ikkje minst er dei kjekk å strikke. Har gitt mange slike par i gave og eg har solgt ganske mange, har strikka ein del på bestilling og. Desse er laga i ein blanding av Silja og pt5, strikka på pinne 3,5.
No er jo sommaren snart på hell og det er bruk for varme gode sokker om ikkje så lenge. Men ikkje enno for i dag er det varmt og sola titter fram innimellom. Har hatt nokre dager fri no og det har vore godt!! No er det to dager med arbeid og så er det helg og då skal eg i bryllup til ein nevø, det blir kjekt:) Ha det fint alle sammen!

søndag 9. august 2009

Skjeive sokker


Hei! Var på ein bloggrunde i går og då kom eg over desse sokkane inne på Monai sin blogg. Synest dei var så artige at eg fekk lyst til å strikke dei, suste avgårde og kjøpte garn og satte i gang.
Dei er strikka i perfekt på pinne nr 3,5 dei var raske å strikke.
Mønsteret er det Tone M. som har laga, og her kan du finne det.
Vert nok varme og gode til vinteren, men den er heldigvis langt unna enno!! I dag har vi hatt sommar igjen, sol og varmt fint vær. Ha ein fin søndagskveld:)

onsdag 5. august 2009

Nissemor


No er eg ferdig med eit eller eit halvt av prosjekta mine. Nissemor er ferdig påkledd mens nissefar ligg på vent, det er lenge til jul men dette skal vera ei gave som skal giast vekk før den tid.
Nissen er ferdigkjøpt og kleda er strikka i juvel på pinne 3,5. Kjekt arbeid men ganske tidkrevjande:) Synest den vart ganske fin og håper den vert godt likt.


Her set nissemor så aleine og forlatt og venter på sin make, takker for koselige helsingar og ynskjer alle ein fortsatt god dag:)



søndag 2. august 2009

Fleire grytekluter

Hei, eg har visst komen inn i ein stim med grytekluter. Desse er og strikka i tuva på pinne nr 4. Synest det er artig å strikke slike, fint sommerarbeid.

Eg har ein del andre prosjekt på gang som eg håper på å få ferdig om ikkje så lenge! Har hatt fri denne helga og det er godt:)Veret har ikkje vist seg frå si beste side men ikkje frå den verste heller,overskya,litt regn og litt sol.Ha ei fin veke folkens:)

lørdag 25. juli 2009

Grytekluter

Hei hei no er eg her igjen, ferien er over og eg har begynt på jobb igjen.
Det har ikkje blitt så mykje strikking i ferien men litt har eg no putla med:) Har strikka grytekluter og vaskekluter, dei er strikka i tuva på pinne nr4. Her er to sett heldt på med det tredje.
Har hatt ein fin ferie med stort sett fint vær, men handarbeid har det ikkje blitt så mykje tid til men satser på å koma sterkare tilbake no når kvardagen er her igjen:)Håper at de alle har hatt eller har ein fin ferie, og fortsatt god sommar til alle! For det er  SOMMAR leeenge enno:) :)

fredag 10. juli 2009

Laila`s socks

Har strikka Laila`s socks frå boka Folk Knitting in Estonia av Nancy Busch. Dei er strikka i silja garn på pinner nr3 , det var eit greit mønster og det er fortsatt mykje eg kan tenke meg å strikke i den boka.

Her er eg klar for fjellturer ser de, håper det vert litt av det i neste veke!


No vert det stille her på bloggen min ei vekes tid, for no reiser me på ein liten tur med telt og sovepose:) Gleder meg for eg liker campinglivet , det er alltid kjekt å komme vekk litt og oppleve litt anna enn det ein gjer i kvardagen! Ynskjer alle sammen ei God Helg og masse fint vær:)

torsdag 9. juli 2009

Noa Noa skjerf

Har hekla eit Noa Noa skjerf som eg fann mønster på i bloggen til Bente B.Det er hekla i mandarin petit på nål 3,5. Bilde vart ikkje så klart så perlene midt i blomstene kjem ikkje skikkelig fram.No får eg samtidig vise fram dei fine blomstene eg fekk hos min datter i dag.

Så eit bilde på litt meir nøytral grunn,litt kjedelig kansje men men.Her er eit bilde av ein gjest vi hadde nesten oppe på trappa vår seint i går kveld:)Synest han eller ho var ganske fin, men sikkert ganske redd for han låg samankrølla lenge før han tusla sin veg.
No er eg snart ferdig med to veker av ferien, utruleg kor fort tida går! Har hatt fint vær heile tida og enda har eg ei veke til:-)Takk for koselige kommentarer,det er kjekt med tilbakemeldinger!