lørdag 7. mars 2015

Retrojakken





Her er retrojakken eg har strikka til barnebarn, bunnfargen er i Sandnes merinoul og mønsterfargane er diverse restegarn. Den er vel strikka i ca 9 års str. Og gutten vart fornøyd, spesielt med at den ikkje klødde.....Ønsker deke ei fin helg i ruskeværet:))

tirsdag 3. februar 2015

Votter

Har dreve med litt vottestrikk i det siste,fått brukt opp litt restegarn og litt nytt garn:)) No er det kaldt og snø her hos oss så då er det jo bruk for votter. To par har fått nye eigara og to par er havna i lageret ,kjekt å ha litt på lur:)



torsdag 29. januar 2015

Quilted lattice ascot




Endelig ferdig med min utgave av dette skjerfet,det var kjekt å strikke.. Det blei bursdagsgave til min søster, trur det blei godt mottatt. Eg valgte å strikke det i mirasol frå du store alpakka, og sydde det sammen . Så knappane er berre til pynt. I dag skin sola her hos oss så no er det berre å komme seg ut ein tur:))

søndag 18. januar 2015

Jakke




Har strikka meg jakke i drops alpakka garn,mønsteret fann eg i nu Nr 37-14. Det var mønster på genser strikka i dobbel alpakka så eg brukte masketall frå eit anna mønster og lagde meg jakke av det.eg var litt spent på om eg skulle få mønsteret til å stemme men det gjekk fint. Vart fornøyd med den og den passa akkurat! Ønsker dere ein fortsatt fin strikkekveld:))

lørdag 3. januar 2015

Strikkejakke

Hei. Her er ein av dei heimestrikka julegavene, jakke strikka i alpakka og mønsteret er Villsauene frå Runde.Som de ser vart jakka godt mottatt og allerede masse brukt. Strikka ei til som det kanskje kjem bilde av seinare, må innhente tillatelse hjå foreldre før eg legg ut bilde:) Eg synest det var kjekke trøyer å strikke og så fekk eg brukt opp masse restegarn i dei og det er kjekt !!Så vil eg få ønske deke eit Godt Nyttår:))









fredag 19. desember 2014

Flaggvotter

Hei.har strikka masse den siste tida men ikkje lagt ut noko på lenge... Ulike grunner til det, litt er jo julegaver og det skal jo vere hemmelig:) her har eg strikka flaggvotter som nok skal vere julegaver det og men det er ikkje eg som skal gi dei. Så derfor kan eg vise dei, har strikka dei i smartgarn.



Trur nok dette vert siste innlegget her på bloggen før jul, så vil derfor få ønske alle God Jul!!

mandag 22. september 2014

Votter

Har strikka votter til storejenta mi(barnebarn) ,ho har sjølv valgt mønster og farger.






Ho har vore på besøk hos bestemor i helga, veldig koselig:)) Eg var så heldig og fekk denne strikkeboka til bursdagen og mønsteret er herifra.mange fine vottemønster i denne boka så det vert nok strikka fleire votter frå denne!!