for 3 dager siden
tirsdag 29. januar 2013
Mariusgensere
Hei. Eg er nok ikkje så flittig med blogging men pinnane går i full fart. Her er gensere til tre av barnebarna,Den lilla er strikka i falk og er str. 10år, den rosa er strikka i Viking superwashog er i str. 4år. Og til sist den blåe som er marius med traktor, den er strikka i Viking superwash og er str. 6år. Så da er det berre å strikke videre må jo lage til dei andre og, kan ikkje gjere forskjell. Ha ein fin dag:))
søndag 13. januar 2013
Fanakofte
Her kjem ei julegave til, det er fanakofte strikka i str xs til eldste barnebarnet på 14 år. Den er strikka i sisu og vart akkurat passe til jenta. Trur den fallt i smak, den sto iallefall på ønskelista. Her har vi eit nydelig vær, kaldt og fint med sol. Ha ei finfin veke:))
fredag 28. desember 2012
Strikka julegaver
Hei. Først vil eg få ønske alle ei fortsatt God Jul! No er det klart for å vise fram litt heimelaga julegaver, først ut er Lark vest frå boka The bird collection by Helga Isager. Denne er det bestemorgutten min som har fått.
Så to mariustunikaer til to av jentebarnebarna , den eine er strikka i 4år og den andre er i 10 år.Mønsteret eg har brukt er frå mariusboka. Har ikkje fått sett dei på enno men håper dei er passelig.Får dei snart på besøk så da får eg vel kansje sjå dei i bruk.
Eg har jobba ein del i jula men no er eg fri og skal ha det til 1 nyttårsdag, deilig med litt fri:))Ha ein fin og god dag alle sammen!!!

fredag 7. desember 2012
Pulsvarmere
Her kjem eit lite knippe med pulsvarmere som eg har strikka, har vore ferdig nokre veker men har ikkje fått lagt dei ut før. Det øverste paret er strikka i royal alpakka og mønster frå eit dale hefte, strikka eit par til i lys beige men det forsvann før eg huska å forevige det.
Desse to para er gamle kjenninger her på bloggen min, eg har det vel med det å gjenta meg sjølv litt. Desse er strikka i sterk alpakka frå du store alpakka og mønsteret står i boka Strikk og bruk. Her har vi fint vintervær, sjølv om eg skulle ønske litt meir snø så vi kunne få bruke skia..... men synest likevel det er flott med minusgrader, vindstille og sol:)) Vil få ønske alle ei finfin adventshelg !!

søndag 25. november 2012
Halser
Endelig eit bitte lite livstegn her på bloggen, lenge sidag sist. Veit ikkje kva som gjer at eg er så treg men det er no ikkje mangel på aktivitet med strikkepinnane. Er berre så vanskelig å få det ut her på bloggen...Her er no iallefall tre halser eg har laga, den kvite er strikka i merinoull og dei to andre i sterk garn. Kjapt og enkelt strikketøy og varme gode småplagg.Då ønsker eg deke ein fin søndag:))
onsdag 31. oktober 2012
Tova votter
Ja no er det julemessestrikking, her er ein bukett av dei vanlige vottane mine. Dei er strikka i finull, eit garn eg synest er heilt supert til toving! Mønsteret er berre i mitt eige hovud, pynten er filta på med canto garn før toving. Det er fortsatt tre veker til messa så det er berre å la pinnane gå, skal jo strikke litt julegaver innimellom. Ha ein fin og god dag:))
lørdag 13. oktober 2012
Lue og hals.
Her kjem eit lite sett eg har strikka i garn frå dsa. Halsen er strikka i sterk og lua i mirasol, mønsteret på lua fann eg på denne bloggen. Har planer om å strikke fleire av denne typen for dei var kjekk å strikke og eg blei fornøyd med resultatet. Eg synest DSA har flott garn, mjukt, varmt og godt !! Vergudane har vist seg frå si beste side her på Vestlandet dei siste dagane og det liker vi:)) Ønsker alle som titter innom ei fortsatt finfin helg:=))
Abonner på:
Innlegg (Atom)