for 3 dager siden
tirsdag 18. september 2012
Mariussokker
Eg var så heldig at eg fekk den nye Mariusstrikkeboka til bursdagen min, som var for litt sidan. Her er det første som er strikka derifrå, nemlig tre par mariussokker. Det vart to par voksne labber og eit barnepar og det er allerede eit nytt par på pinnane:) Veldig kjekke å strikke og veldig mykje fint i boka, slikt liker ho mor å få!! Er no inne i ei travel arbeidsveke, først tre vakter no i starten av veka og så natthelg. Det positive med nattevakter er at det som regel er rom for litt strikking:)) Ha ei fortsatt fin veke!
onsdag 12. september 2012
Votter
Fann desse vottane på denne bloggen og synest dei såg så fine ut at eg fekk lyst til å lage slike eg og! Og då eg har masse restegarn som kunne brukast var det berre å setje i gang, foreløbig er det blitt tre par og eg ser ikkje vekk frå at det kan verta fleire:) Veldig kjekke å strikke og så godt å få bruke opp litt restegarn.... Men enno er det meir så det er berre å strikke i vei. Ha ein flott strikkekveld:)
mandag 10. september 2012
Daisy tunika
Hei. Her kjem bilder av Pickles sin Daisy tunika i to ulike størrelser, den minste i str 2-3år og den største i str 8-9 år. Kjekke å strikke og ser fine ut men synest kansje ikkje dei blei like fine på..... men har no berre så vidt prøvd dei på så kansje dei kjem seg når dei vert brukt. Dei er no i allefall ferdige men ikkje overlevert enno. Ute er det blitt skikkelig haust ved vind og regn men det er fortsatt mildt ute, vi får ta med det positive som er:) Ynskjer slle ei finfin veke:))
lørdag 1. september 2012
Labber
Har strikka to par labber, det eine er jo det kjente russesokkmønsteret og det andre er eit mønster som eg trur heitte dotties. Russesokkane er strikka i pt5 og er i str 41-43, dottisene er strikka i arwetta og skal holde str 38-40. Vi feira jo bryllup forrige helg og det gjekk veldig fint, brudeparet var nydelige både brud og brudgom! Ynskjer deke ein fortsatt fin laurdagskveld:))
tirsdag 21. august 2012
Tøfler
Har strikka tøfler igjen, det har blitt nokre slike par den siste tida. Har vist ein del av dei her men det har og forsvunne ein del av dei før eg har huska å fotografert dei. Dei er som vanlig strikka i pt5, eit garn eg liker veldig godt til tøfler ,votter og labber. Dei er allerede lagt ut på eplabutikken.Elles så har hausten begynt å snike seg inn på oss og det er vel tida for det..... Til helga har vi stor dag her i familien, den eine sonen min skal gifte seg så ho mor er litt småstressa:) Ikkje fordi eg har så mykje å gjere men det er no rart med det likevel:) Det er jo ein stor dag og me gler oss masse til laurdag! Ynskjer alle ein finfin kveld:))
søndag 29. juli 2012
Lue
Hallo igjen! Her kjem ei lue eg har hekla til mannen, har hekla den i merino ekstra fine frå garnstudio. Mønsteret har eg herma etter ei anna lue (kjøpelue) Heilt likt er det no ikkje men den vart bra og ikkje minst så passa den til han som skal ha den. Elles så er det allerede gått to veker av ferien, det går så alt for fort!!!!!! Har vore vekke ei lita veke og det var kjekt , alltid godt med litt forandring.... Så no håper eg på litt finvær den siste veka, fortsatt god sommer til alle:))
fredag 13. juli 2012
Driftwood
Har strikka meg ein skikkelig god genser, trur eg den kjennes no slik ut. Som overskrifta seier så heiter den driftwood på mønsteret som du finn her. Har strikka den i Lerke frå dalegarn og den vart akkurat passe i str. til meg. Trur nok denne kjem til å bli brukt!!
No har eg besynt på tre vekers ferie og det blir supert!! Ikkje det beste været men pytt sann eg har no fri:))
No har eg besynt på tre vekers ferie og det blir supert!! Ikkje det beste været men pytt sann eg har no fri:))
Abonner på:
Innlegg (Atom)