mandag 11. juni 2012

Kortermet trøye

Her kjem ei lita trøye  som eg har strikka til Selmamor som var 2 år på lørdag og denne var ein del av gaven som ho fekk. Den er strikka etter mønster frå mandarin barn 1204 men då det ikkje var mandarin å få tak i der eg var har eg strikka den i duo og resultatet vart bra. No er helga over igjen og det har vore ei helg med flott vær så det har gått an å kose seg ute i sola, herlig!! Ønsker alle ei riktig så fin veke:))

fredag 1. juni 2012

Mariusgenser

Hei,hei, ja no er det helg igjen og vi er komen i juni, heilt utruleg kor fort tida går. Her er ein del omveltinger for tida med jobb og diverse så det er vel litt av grunnen til at eg ikkje er så flittig på blogginga:)) men no har eg iallefall strikka ein Mariusgenser i sisu og mønster frå klassikere temahefte 15 sandnesgarn. Det er ei niese av meg som skal ha denne og eg er litt spent på om den passer, den er ihvertfall ikkje for liten:))Viss den ikkje passer får eg ha den sjølv for den er akkurat passe til meg.... No er det helg og eg set å lader opp til arbeidshelg.  Håper de alle får ei finfin helg:))

mandag 21. mai 2012

Litt småstrikk

Hei. Ja no er sommaren endelig komen her hos oss, kor lenge den varer veit vi jo ikkje men vi må nyta slike flotte dager fullt ut!!  På strikket ser det ikkje så sommerlig ut men det får no berre vere slik.... Har strikka ei nøstebarntrøye i ca 6-12 mnd, vanskelig å vete heilt størrelsen. Garn og mønster frå nøstebarn.
Så ein hals str. barn den er strikka i sterk og delvis etter nøstebarn si oppskrift.  Ønsker alle ei finfin sommerveke:))

tirsdag 1. mai 2012

vinterhagejakke

Hei. Har strikka jakke til meg sjølv denne gangen, det er Pickles sin Hipp Vinterhagejakke og den er strikka i Abulita 3 tråds tynn merino og silk mohair. Kjekk jakke å strikke og liker fargane veldig godt men har ikkje fått tatt den i bruk enno. Det er vel som navnet seier ein meir vinterjakke men eg ser ikkje vekk frå at den kan vera god å ha om kveldane utover sommaren og..... ikkje alltid det er like varmt hos oss men i dag har vi nydelig vær, nesten sommer i dag:)) Håper de alle har ein finfin 1 mai!!


lørdag 21. april 2012

Jakke

Endelig ei oppdatering her på bloggen min, jakken har vore ferdig ei stund men har mangla knapper. Jakka er strikka etter mønsteret Kajas jakke frå Randi K.design . Eg har brukt garnet Duo frå sandnes og jakka er i str 2-3år. Eg likte dette mønstert med ein gang eg såg det og vart fornøyd med resultatet, har ikkje bestemt kven som skal få jakka enno så den vert lagt litt på vent.. Eit gøyt og greit arbeid, kjekt med litt blanding av hekl og strikk. Etter nokre dager med sol så har vi fått regnvær igjen men ser at det er meldt finare i morgon.... gleder meg til det:) Ha ein fin laurdagskveld!

onsdag 11. april 2012

Goomba lue

Hei og vel overstått påske! Ja no er påsken over for denne gang og den gjekk så altfor fort, har hatt ein fin påske med besøk av barnebarn og masse kos med dei:) Så har eg strikka ei goomba lue til Hermanngutten etter oppskrift som eg fann på denne bloggen og sjølve broderiet fann eg her . Har strikka den i drops merino extra fine. Elles så er det full fart med jobbing og andre vanlige gjermål som til dømes strikking.... Ynskjer alle som titter innom ein fin kveld:))

mandag 2. april 2012

Litt småstrikk

No har eg brukt litt restegarn og strikka votter i garnet som var igjen etter luene eg strikka til to småttiser for litt sidan. Snø ute i dag så det kan fortsatt vera bruk for votter....
Og så to par med tøfler igjen, same sort som i forrige innlegg, ser ikkje vekk frå at det vert enda fleire slike par. Så vil eg ynskje alle som titter innom ei riktig så fin Påskehelg:))