
Hallo og fortsatt God Romjul til deke alle. Her har det vore ei fin men travel julehelg, så bloggeing og bloggbesøk hos andre har det ikkje vore tid til:) Eg har jobba heile julehelga og då vert det ikkje rom for så mykje anna men så ser eg fram til nyttårshelga med tre fridager, herlig.... Så vil eg jo vise fram litt heimelaga julegaver, øverst her er det puls og leggvarmere frå Sandnes sitt tilbehørshefte, det er strikka i alpakka og var til barnebarnet på 5 år.

Så er det ei monsterbukse som er strikka i falk, mønsteret fann eg på bloggen til
Du bedåre. Så strikka eg eit par små votter av restegarnet og dette var det vesleguten på snart 2 år som fekk.

Tilslutt her er det jo tovavotter igjen, det er votter som er strikka på bestilling og låg under andre sine juletre. Har litt fleire gaver som eg vil visa i seinare innlegg. Vi har eit fantastisk vær denne jula, kaldt men med sol og vindstille, synest det er heilt supert.. Ynskjer alle saman ein flott dag:))