
Har strikka ei lita lue og små votter i str 3-6mnd, mønsteret er henta frå Du store Alpakka sitt hefte Strikk til baby.

Har strikka i Mirasol og hekla kant i faerytale det var eit kjekt og raskt strikkeprosjekt. Garnet er henta frå garnlageret mitt, mirasolnøstet kjøpte eg for lenge sidan for eg hadde lyst til å prøve det. Faerytalen var ein rest etter pulsvarmere eg hekla for lenge sidan.

Så no gjenstår det å sjå om det er nokon av "smågulla" mine som kan bruke det, trur kansje det er passe til den nest minste... Viss ikkje så veks no minste jenta i det. Det er gøy å strikke slike småplagg men eg har ikkje alltid vore heldig med størrelse og passform på luer!! Her hos oss er det surt og kaldt i dag, rundt 0 grader, overskya og vind så det er godt å sitje inne med strikkepinnane:)) Vil få takke for koselige kommentarer, alltid kjekt å få respons på arbeidet sitt.... Ha ein fin dag:))