
Ja no er boleroen min endelig ferdig, gjekk jo tom for garn og når eg skulle kjøpe meir var dei utsolgt i butikken. Men i går fekk eg tak i eit nøste til, så i dag har eg fått strikka den ferdig. Den er strikka i Drops Kid-Silk og mønsteret kan du finne
her, den var grei og kjapp å strikke.

Har planlagt at eg skal bruke den i morgon , så jammen på tide at den vart ferdig.

Det har seg nemlig slik at eg fyllte 50 år i går og skal ha feiring i morgon:) Og i den anledning måtte eg berre ta med litt bilder av alle dei fine blomstene eg fekk!

Når eg ser på alle dei blomstene får eg litt assosiasjoner til at det er gamle damer som får så masse flotte blomsterhelsinger til dagen sin, men så ser eg ingen gammel dame her..... Trur det var før i tida det var sånn!

No trur eg at eg må hive meg på kakebaking må jo ha litt å servere når ein skal ha selskap! Men eg slepp no å lage så mykje sjølv, har datter, svigerdøtre og svigermor som har tilbydd seg å bake så eg er heldig!! Så vil eg takke for koselige kommentarer som eg får og ønske alle ei riktig så fin helg:))