
Hei. Her er litt av helgas produksjon, berre sånn kosestrikk, tova hjerter og kuler strikka i ullteppegarn frå Gjesdal. Mønsteret er henta frå Familiens julehefte Juleideer 2009. Dei er strikka i dobbelt garn ein tråd rosa og ein raud, brukte eit nøste av kvar.

Meiniga er at eg skal hengja dei i vindauga men er ikkje komen så langt enno, kansje dei vert gitt vekk, har ikkje bestemt meg for det. Eg held elles på med eit storprosjekt som eg tviler på om eg får ferdig til jul, men det kjem no tider etter jul og...... Eg må no alltid ha litt småstrikk innimellom når eg strikker store plagg:) Fortsatt god advent til deke:))