
Skulle prøve å ta bilde på foten til veslegutt men han var ikkje så samarbeidsvillig:) Så bilde vart ikkje så bra men her er det no.


No er det mandag igjen, helga er over og Ferien har begynt, herlig..... Elles har det vore ei nydelig helg, værgudane har vist seg frå si beste side litt overskya i dag men veldig varmt! Har ingen bestemte planer for ferien, men ein liten tur håper eg no det vert!! Når været er som no er det supert berre å ha fri, ynskjer alle fine Sommerdager:-)
Etter mønsteret er det halvferdig no men det trur eg vert litt lite, har no fire rader med 12 ruter i kvar rad.Må sikkert ha ti rader viss det skal verta litt størrelse på det, elles vert det berre for smale folk:)
Blackrose socks! Så eit par labber igjen, strikka i silja på pinne nr3. Fann mønsteret på 
No har vi altså SOMMAR, det har vore ein nydelig dag ynskjer meg mange sånne dager !! Det er så herlig å kunne vere ute i sola heile dagen, men eg begynner ikkje på ferie før mandag så det vart no berre halve dagen i sola for meg. Men ein må vere glad for det som er, ha ei flott helg alle sammen:-)
Så eit par russesokker med hjertemønster, mønsteret er frå eit pt hefte(veit ikkje kva nr.) Har brukt silja garn og pinner nr 3, har strikka mange par med russesokker før men aldri dette mønsteret.
Vart ganske godt fornøyd med resultatet og dei var kjekk å strikke.Alltid gøy med litt variasjon i mønster.
No er det søndagskveld , har hatt frihelg og vore på besøk hos min datter og fam. Koselig å få vera i lag med både små og store. Ei veke att til ferie, gleder meg veldig:)
Har holdt på å gi dei opp for eg likte dei ikkje, men er glad for at eg er ferdig no:)


Var veldig spent på størrelsen då eg hadde heilt feil garn, men som de ser vart den passe:)
Det var ein kjekk jakke å strikke,starta frå toppen og ned .Så når jakken var ferdig strikka var det berre å feste nokre tråder og sy i knapper og vips så var den klar til bruk.Hullmønsteret var enkelt og greit, men det har tatt litt tid for eg har hatt andre småprosjekt på gang innimellom.
Og no er Pinsen over og då er det slutt på dei ekstra fridagane for denne gang, men det har vore ei flott helg med nydelig vær. Har vore bestemor på heiltid i helga så vi har kosa oss masse ute i det fine været,ha ei flott veke alle sammen:)