Elles så har vi nokså fint vær fortsatt og det er så deilig, ein vert rett og slett i godt humør . Det er til og med lettare å stå tidleg opp når sola skin! Så må eg få takke for alle koselege kommentarer her i bloggen min:-)
Den var kjekk og snar å strikke,liker når det er litt mønsterstrikk synest på ein måte det går litt fortare då. Visste ikkje heilt kor eg skulle fotografere den, så den endte på vedstabelen eg driv med litt vedkløyving og:) Har fridag i dag for eg skal jobbe i helga, så no skal eg til min søster å bake kransekake. Elles skal eg nyte fridagen min med å berre gjere ting eg har lyst til!! Ha ein flott dag:-)
Her får eg og vist fram ein av koppane som eg er så glad i, dei er laga av keramikaren Liv Sundal ho lager så mykje fin keramikk!

No er nok fridagane mine over for denne gang, i morgon venter jobben igjen. Men har kost meg masse no når eg har hatt fri:)Vil ynskja alle ein riktig god påske enten ein har fri eller skal jobbe!!