torsdag 31. desember 2009

Godt Nyttår

Hei,hei!! Ja no er vi komen til årets aller siste dag og eg vil avslutte årets blogging med eit bilde av vottane som eg har strikka så mange av. Dette er ei bestilling eg fekk no i romjula og på bilde under er det pulsvarmere som er hekla i alpakka etter mønster frå Du Store Alpakka.
Så er tida komen til å takke for eit kjekt år i bloggverden, takker for koselige kommentarer og helsinger i bloggen min. Det har vore kjekt å verta "kjent" med så mange koselige folk!! Så ynskjer eg ALLE ei fin nyttårsfeiring og eit Godt Nyttår:))

søndag 27. desember 2009

Ol genser

Hallo. Her kjem bilde av storprosjektet eg laga til jul. Strikka ol genser i str xl og det var mange masker! Den er strikka i Falk frå sandnes garn på pinne nr 3,5, og når eg starta på den så seint som 3 veker før jul så blei det litt stress... Men den vart no ferdig og gitt i julegave og den passa heilt fint!!
No er juleferien min over , skal vera på jobb i morgon tidleg kl 6.45 huff .... Og ute snør det som berre det, så eg er spent på korleis føret vert. Men det er berre å starte tidleg så kjem eg nok fram i tide:)) Ha ei fin veke alle sammen!

lørdag 26. desember 2009

Gråtass tunika

Hei og fortsatt God Jul til alle sammen!! Her er bilde av gråtass tunikaen eg strikka til veslejenta (barnebarn) som ho har fått til Jul saman med tilbehør. Den er strikka i daletta på pinne 3,5 og den passa henne fint. Ho for nett sprettande ut døra med tunikaen på og skulle i Julebesøk.
Og her er julegaven min som eg fekk frå den hemmelige julevennen min, twist, baby ull og mønster på fine små engler. Flott gave så Tusen Takk kem du no er:)) Her hos oss har vi hatt kvit jul og det er lenge sidan sist, og no snør det ute igjen! Men har hørt rykte om at det skal gå over i regn:(( Ha ein flott dag:)

onsdag 23. desember 2009

GOD JUL

Vil få ynskja alle koselige og gode bloggvenner ei riktig God Jul, mange Juleklemmer frå meg:))

torsdag 10. desember 2009

Tova tøfler

God kveld!! Har strikka og tova to par tøfler , og eit par votter. Tøflane er strikka i fritidsgarn og vottane i finull. Fekk bestilling på dei for ei lita stund sidan og no er dei ferdige, og godt er det for eg har litt forskjellig anna som skal gjerast ferdig:))
Dette blir berre eit innlegg i full fart, for no er det kveld og eg må komma meg til sengs. God natt til alle saman:))

mandag 7. desember 2009

Tova julepynt

Hei. Her er litt av helgas produksjon, berre sånn kosestrikk, tova hjerter og kuler strikka i ullteppegarn frå Gjesdal. Mønsteret er henta frå Familiens julehefte Juleideer 2009. Dei er strikka i dobbelt garn ein tråd rosa og ein raud, brukte eit nøste av kvar.
 Meiniga er at eg skal hengja dei i vindauga men er ikkje komen så langt enno, kansje dei vert gitt vekk, har ikkje bestemt meg for det. Eg held elles på med eit storprosjekt som eg tviler på om eg får ferdig til jul, men  det kjem no tider etter jul og...... Eg må no alltid ha litt småstrikk innimellom når eg strikker store plagg:) Fortsatt god advent til deke:))

onsdag 2. desember 2009

Uglelue og hals

Hei! Eg har strikka eit sett  med lue og hals med uglemønster, fann oppskrifta til halsen inne på Elisabeths verden  der det og var  link til lue . Har strikka settet i Drops sin Merino extra fine på pinne nr 4.
Har plan om å strikke votter til det men det har no ikkje vorte enno.
Her er eit bilde av mesteparten av det som var med på Julemessa på laurdag. Messa gjekk over all forventning, fekk selt ganske mykje men har jo sjølvsagt att ein god del og!! Ja no lakker det og lir med raske skritt fram mot Jul, tida går så altfor altfor fort så no gjeld det å skynde seg med juleforberedelsene:)) Og eg som nesten ikkje har begynt med julegavene....  Men men Jula den kjem no åkke som og eg pleier no alltid å bli ferdig i tide!! Ha ei fin adventstid alle sammen:))