tirsdag 21. august 2012

Tøfler

Har strikka tøfler igjen, det har blitt nokre slike par den siste tida. Har vist ein del av dei her men det har og forsvunne ein del av dei før eg har huska å fotografert dei. Dei er som vanlig strikka i pt5, eit garn eg liker veldig godt til tøfler ,votter og labber. Dei er allerede lagt ut på eplabutikken.Elles så har hausten begynt å snike seg inn på oss og det er vel tida for det..... Til helga har vi stor dag her i familien, den eine sonen min skal gifte seg så ho mor er litt småstressa:) Ikkje fordi eg har så mykje å gjere men det er no rart med det likevel:)  Det er jo ein stor dag og me gler oss masse til laurdag!  Ynskjer alle ein finfin kveld:))