onsdag 25. februar 2009

Labber

Har visst komen inn i ein labbestim eg, men det er vinter og kaldt så det er mange som frys på beina :) Dei gråe er strikka i perfekt og etter bluberry waffle mønster mens dei to andre para er strikka i mor aase raggegarn og er heilt vanlege tjukkelabber. Det mangler eit par men dei for ut døra før eg fekk tatt bilde av dei:)
Takk for mange koselege kommentarer i bloggen min, det er alltid like koselig. Ynskjer alle ein fortsatt god dag!!

fredag 20. februar 2009

Votter

Hei igjen, ja no har det vore stille frå denne kanten ei stund.Eg har vore sjuk har hatt influensa og lagt nede for telling, men no er eg på beina igjen. Det har ikkje vore mykje strikking den siste tida men litt småstrikk har det no vorte.Har strikka votter i finull som har hatt ein tur i maskina og blitt tova.Hjartene er filta på med canto før toving. Dei grå vottane er pynta med små heklerundinger etter toving.







Så må eg få ynskja alle ei riktig god helg:)

lørdag 7. februar 2009

Februarsokkane

Her er februarsokkane mine ferdige!! Strikka i silja på pinne 3,5 kansje litt tynn tråd, strikka str L så dei vart ca str 38/39. Ikkje den finaste fargen eg veit men men:)
Ha ein fortsatt fin laurdagskveld og ein riktig god morsdag i morgon :-)


onsdag 4. februar 2009

Heklelue

Eg fekk bestilling av min yngste sønn på lue med øreklaffer, mønster og farger har han bestemt sjølv.Har hekla den to ganger då den vart altfor stor ved første forsøk, så då var det berre å rekkja opp og starta på nytt:) Lua er hekla i smart garn skulle egentlig vera eit svensk garn som heiter vinga men det var vanskelig å få tak i.
Her er eigaren med ny lue, den vart no ganske bra. Treng ei god lue når han skal på fjellet!!Har strikka labber i restegarn til gubben i huset, dei er strikka i pt5 i bluberrywaffel mønster. Det vart vel det ein kan kalla restevaffler:-)

Til sist men ikkje minst må eg fortelja at no er eg blitt bestemor igjen, gutten vart fødd den 31/1. Han kom til verden i full fart veide 3920g og var 51cm,er veldig skjønn. Alt vel med mor,barn og bestemor:-)