onsdag 23. juni 2010

Båtgenser

Hei. No har eg laga ein liten båtgenser til vesle Hermann gutten vår, mønster fann eg i eit gamalt Allers frå 2008. Har strikka den i Bambino cotton frå Schacenmayr og brukt pinne nr 3, den skulle strikkast i Regia cotton men det fekk eg ikkje tak i. Plundra litt med å få rett størrelse på den, kansje pga feil garn. Men etter eit par opprekkinger synest eg den vart bra, har jo ikkje fått prøvd den på enno men synest den ser passe ut.
Ein kjekk genser å strikke, litt arbeid var det jo med montering og brodering men blei fornøyd med resultatet!Gleder meg til å overrekke den og få sjå den på. I dag skin sola her hos oss og temperaturen er heller ikkje så verst, så no er det berre å nyte solstrålane så lenge det varer:) Skal på jobb i ettermiddag så formiddagen vil eg nyte ute i sola. Ynskjer deke ei fin jonsokfeiring:=)

tirsdag 15. juni 2010

Baby i rib

Hei. Har strikka ein Baby in rib , mønster frå DESIGN.CLUB.DK . Garnet som er brukt er duo silke/merino, kjøpt hos Pinnsvin design. ( ein takk til Wilma) Dette er eit nydelig garn, mjukt og godt og ein kjekk modell å strikke.
Så har eg fått meg ei ny vennine, nemlig denne nøkkeldama som kjem til å følge meg mange plasser i tida framover. Har kjøpt ho hos gunknitter , den dama er utruleg flink med filtenåla!! Eg vart heilt betatt av denne nøkkeldama og var så heldig å få kjøpe den.. Ynskjer alle ein god kveld:))

søndag 13. juni 2010

Bestemor-swap


Har fallt for fristelsen og meldt meg på bestemorswapen hos Olavas verden , nett som om eg ikkje har nok prosjekt på gang frå før:) Men no har eg gjort det, garn er kjøpt inn og eg er i full gang med bestemorsrutene, så får eg prøve å bli ferdig i tide.Trur nok det skal gå bra...
Her har eg tatt eit bilde av fargane eg bruker, men dei vart ikkje den fargen dei er i virkeligheten:) Det var alt eg hadde å vise for denne gang, ha ei fin veke alle sammen:=)

onsdag 9. juni 2010

Ishbel

Her kjem eit Ishbel sjal som er strikka i duo silke merino på pinne 4,5, kjekt sjal å strikke.
Og garnet var godt å strikke med og veldig mjukt og godt! Trur nok dette vert eit sjal til meg sjølv, synest det var nydelig ha rundt halsen.I dag har vi hatt ein nydelig dag med sol og varme, trur det er den varmaste dagen hittil:) Og så har eg blitt bestemor i dag til ei bittelita skjønn jente, ho var 2080 g og 42 cm. har nettopp vore på kk og sett henne, alt var vel med både barn og foreldrene!! Ha ei fortsatt god veke:))

torsdag 3. juni 2010

Babysokker

Her er eit lite par babysokker som er strikka i Dale babyull og mønsteret er frå boka Myk Start. Dei skal passe saman med babytrøya og lua i tidlegre innlegg. Ikkje lenge til småfrøkna kjem no, det vert det fjerde barnebarnet. Gleder meg til å få sjå henne, spennande:)
Denne helga skal eg til min datter for å vere barnevakt, vert kjekt å få sjå dei små igjen ja dei store og. Må få ynskje deke ei finfin helg og krysser fingrane for at vi får litt sommervarme:=)