Har strikka lue til vesleguten, eit kjapt og greit prosjekt. Strikka i dobbelt gullgarn og mønsteret fann eg her hos Ingrids strikkeri. Synest lua passa han fint og han begynte å bruke den med ein gang.
Så har eg strikka labber til veslejenta, heilt vanlige labber strikka i Regia softy. Hadde ikkje prøvt det garnet før, labbane blei mjuke og gode og ho likte dei! Har hatt litt problem med at ho helst ikkje vil ha tjukke labber på men desse håper eg ho vil bruke.
Og no er atter ei helg over og ei ny veke står for døra, ute er det fortsatt vinter med kuldegrader og snø! Det er ein heilt utruleg vinter vi har hatt i år, men eg synest det har vore flott:)) Ynskjer deke ei finfin veke!!
for 2 dager siden